Stortinget gir klarsignal: To nye felt i Nordsjøen kan byggjast ut

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Vedtaket inneber også at Vallhall-feltet kan vidareutviklast i samband med Fenris-utbygginga.

– Yggdrasil og Valhall PWP-Fenris utgjer åleine over 165 milliardar kroner i investeringar. Det er snakk om estimerte skatteinntekter på over 120 milliardar kroner til landet vårt, seier administrerande direktør Karl Johnny Hersvik i Aker BP.

Selskapet seier at andelen norske leveransar er på rundt 65 prosent, og at prosjekta vil bidra med 130.000 årsverk i Noreg gjennom levetida til felta.

– Om lag halvparten av dette er i utbyggingsfasen. Det blir aktivitet på verft i Egersund, Stavanger, Haugesund, Stord, Verdal og Sandnessjøen, og dessutan hos fleire hundre leverandørar i heile landet, skriv Aker BP i ei pressemelding.

Felta er del av 30 utbyggingsprosjekt med investeringar på nærare 400 milliardar kroner som er del av oljeskattepakken som vart innført i koronatida. På grunn av storleiken måtte dei to største prosjekta til Stortinget, medan resten vart godkjend direkte av regjeringa.

Eit fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet sa ja til utbygginga, medan SV, Raudt, Venstre og MDG sa nei.

Yggdrasil-feltet inneheld 700 millionar fat olje og gass, ifølgje Aker BP, medan utbygginga av Fenris og vidareutviklinga av Vallhall vil gi 367 millionar fat olje og gass. Feltet vil vere lønnsamt med ein oljepris på 48 dollar per fat.

Alle er ikkje like begeistra for dei nye utbyggingane. Måndag morgon samla aktivistar frå organisasjonen Extinction Rebellion seg ved Stortinget. Dei sperra mellom anna ein av inngangane og bada i eit gjennomsiktig kar med oljefarga væske.


Personar demonstrerer

Natur og Ungdom demonstrerte utanfor Olje- og energidepartementet i samband med utlysinga av nye leitelisensar. Foto: Rasmus Berg/NU