Bok om andre verdskrig vann Uprisen 2023

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg må få takka juryklassane som har nominert meg og storjuryen som har valt meg. Og alle som har lese og skrive meldingar på uprisen.no. Det har vore fantastisk å lesa! Tusen, tusen takk.

Det sa forfattar Marte Mittet ifølgje pressemeldinga då ho tok imot den gjeve Uprisen 2023 under litteraturfestivalen på Lillehammer.

Juryprosessen

Prisen vert arrangert av Foreningen! Les og vart delt ut første gongen i 2007.

I løpet av prosessen har 450 elevar frå 11 ungdomsskular frå ulike delar av landet nominert sine favorittbøker. Dei fire andre nominerte var:

  • Blått blod. Halve kongeriket 5 av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug, (Aschehoug)
  • Lik meg – første gang av Anne Wisløff, (Cappelen Damm)
  • Høyt press av Jan Tore Noreng, (Gyldendal)
  • Splintra av Hilde Myklebust, (Samlaget)

Les også: Ervin Kohn meiner nye reglar for skuleturar fører til meir antisemittisme

Viktig tema

Dei nominerte har vorte lesne av 22 elevar i storjuryen, som kåra Marte Mittet til vinnar.

Handlinga i romanen finn stad i Trondheim under den andre verdskrigen, der hovudpersonen Nora (17) ikkje får lov å bli med storebror i den kommunistiske motstandsrørsla, men deler ut antinazistisk propaganda.

Juryen likte at boka var basert på noko ekte, og skriv:

«Ho var lærerik, utan at du er bevisst på at du lærer noko. Ho tek opp fleire dilemma som fekk oss til å stoppe opp og tenkja gjennom det vi hadde lese. Vinnarboka tek føre seg eit stort tema, men forfattaren klarar å gjera det nært, og flettar på ein fin måte fakta inn i historia. Dette er eit tema som er viktig at vi les om, snakkar om og lærer om.»


Kollasj med ung mann med briller og bøker

Herman Østby (21) oppdaga litteratur på slutten av ungdomsskulen og er no ein skikkeleg lesehest. Foto: Pixabay/privat