Anette Fadnes Marcussen
Publisert
Oppdatert 22.08.2023 15:08

Det var nesten så eg ikkje klarte å legge frå meg spelet lenge nok til å skrive denne spelmeldinga. 

Eg spelte The Legend of Zelda: Breath of the Wild første gong i 2020. Foreldra mine gav meg Nintendo Switch i bursdagsgåve, og det einaste spelet eg ville ha var Breath of the Wild (BotW). Eg har 145 timar i spelet og har gledd meg i tre år til oppfølgjaren. 

«Breath of the Wild 2»

Eg opna Tears of the Kingdom (TotK) for første gong ein tidleg morgon og blei kasta rett inn i historia. Det korte klippet me har sett på i fleire år no – før spelet ikkje heitte anna enn «Breath of the Wild 2» – er blitt ei heil scene. 

Zelda er forsvunne, Link har mista ein arm og eit heilt univers er framfor oss. Ei verd oppe i himmelen me ikkje kjenner til, gode gamle Hyrule og til og med meir å utforske under bakken. Å melde eit spel som dette med berre ord følest ikkje rett. 

Eg var skeptisk då eg innsåg at det var ei heilt ny verd, nye fiendar, nye funksjonar. Håpet om å sjå kjente fjes og stadar blei mindre dess lengre eg kom i denne himmelverda, men eg heldt fram. Akkurat i det eg hadde mista håpet om å dra tilbake til Hyrule, til Kakariko Village, til alle mine favorittkarakterar, bad spelet meg om å hoppe ned frå himmelen. 

Hyrule Castle, eit bilete som viser kor bra spelet ser ut. Skjermdump

Oppdrag: Redde Hyrule

I oppfølgjaren er oppgåva di nok ein gong å redde Hyrule. Det fell ting ned frå himmelen og skapar liding og misnøye hos folket. Rito Village er midt i ein snøstorm, Zora’s Domain har svære haugar med gugge overalt, som gjer folket sjuke. Og ikkje minst fell det store bitar stein ned i heile Hyrule. Jobben til Link – jobben din – er å finne ut kvifor dette skjer, for så å løyse problemet. Tidlegare erfaring med Zelda-spel seier meg òg at det er ein stor boss fight på slutten. 

BotW er definitivt mitt favorittspel. Sjølv om det er store sko å fylle, er TotK etter mi meining den beste oppfølgjaren me kunne håpa på. Historia er ein direkte oppfølgjar. Der spelet startar, med Link og Zelda under Hyrule Castle, er tilstanden i Hyrule den same som etter du har slått Ganon i forgjengaren. Når du kjem ned til Hyrule etter å ha kome deg forbi starten av spelet, er ting litt annleis. Forskjellane som ikkje kjem frå krisa verda står overfor, er ting som at gamle kongar og høvdingar er bytt ut, folk har blitt litt eldre og nokre nye karakterar har blitt introdusert. Det var akkurat dette eg håpa på i ein oppfølgjar. 

Grafikk

Terningkast 6

Ved første augekast verkar det som om sjølve utsjånaden på spelet ikkje har endra seg noko særleg sidan BotW, men eg merkar forskjellen på djupna. I forgjengaren hadde eg ofte problem med å sjå kor langt vekke ting var. I TotK er dette blitt mykje betre. I tillegg er detaljane betre, og ein merkar at Nintendo har job

ba for å perfeksjonere alt dei tok med seg fråforgjengaren. Spesielt likar eg jobben dei har gjort for å få vatn og gras til å sjå betre ut – og kjente og kjære karakterar er gjort enda finare enn eg hugsar. 

Eksempel på korleis grafikken har blitt betre. Avbilda er ein Great Fairy som ikkje har kome ut av blomen sin.

Innhald

Terningkast 5Samanlikna med BotW er det massive moglegheiter. Du kan feste ein stein til sverdet ditt for høgare damage, og samtidig få blunt damage i staden for sharp damage. Du kan bygge bilar, båtar, fly og robotar om du vil. Med dei nye kreftene Link får kan han gjere utruleg mykje han ikkje kunne før. Det er òg lagt til fleire oppskrifter og matrettar du kan lage, med enda fleire ingrediensar å finne. I tillegg er det fleire nye monster me aldri har sett før, som gjer kampdelen meir spanande. For eksempel er det eit nytt type monster i «-blin» serien, etter Bokoblin og Moblin. Det nye heiter Horriblin. Desse finn du ofte i caves, som òg er nytt. 

Ein Bubbulfrog som droppar Bubbulgems når ein drep den. Desse kan du bruke til å byte mot diverse klede og monsterting. Skjermdump.

Det er små detaljar som «new»-merket i hjørnet på ein matrett du ikkje har laga før, noko ein ikkje hadde i forgjengaren. Ein annan ting som plaga meg ein del i BotW var viss du opna ei kiste og ikkje hadde plass i inventaret, lukka kista seg og du måtte kaste noko for så å opne kista på nytt igjen. I TotK kan du byte ut noko frå inventaret ditt med det som ligg i kista viss du ikkje har plass. Mange slike quality of life-betringarer er gjort, noko som viser at Nintendo høyrer på fansen. 

Nokre funksjonar blir òg forklart betre i Tears of the Kingdom, som at om du legg for eksempel eit eple ved eit bål, blir det eit «baked apple». Dette var noko spelarane fann ut sjølv i forgjengaren, men i oppfølgjaren er det ein heil dialog om korleis du kan legge frukt og andre typar mat ved bålet for å steike dei. Om dette var noko me trong veit eg ikkje, men det er fin tilleggsinformasjon uansett. 

Historie

Terningkast 4,5Historia er ei direkte fortsetjing frå Breath of the Wild. Du skal nok ein gong til dei fire store byane i Hyrule for å løyse problema dei har, med hjelp av ein karakter frå kvar by.

Eg tenkte at dette kanskje var litt lite kreativt, litt lite endring i gameplay, men eg gløymde det fort. Eg trur det hadde vorte for annleis viss det ikkje hadde vore slik. Kvifor? Heile hjarta, heile sjela til BotW var det å dra inn til fire heilt forskjellige sider av Hyrule, møte unike og spanande karakterar, og dra på eit eventyr med dei. Det er akkurat det du gjer i Tears of the Kingdom, berre eit nytt eventyr. Likevel følast det som litt det same som eg gjorde i forgjengaren. Misforstå meg rett, historia greip, og held fram å gripe meg. Det er spanande, og eg lurar på kva som kjem til å skje.

Historia i Breath of the Wild gir eg lett ein seksar – ei unik, nydeleg forteljing om venskap, eventyr og det gode og det vonde. Historia i Tears of the Kingdom får berre 4.5 fordi det er gjort før. 

Lyd og musikk

Terningkast 6Ein ting eg var redd for at skulle bli øydelagt var nostalgien. Lydeffektane i Breath of the Wild er unike og uerstattelege, og heldigvis har Nintendo tatt med seg lyden og musikken vidare i produksjonen av oppfølgjaren.

Eg fekk nesten nostalgisjokk då eg høyrde lyden når du reiser via kartet. Slike effektar er det mange av, og det er ein god ting. Nokre nye musikkspor er lagt til, hovudsakleg i nye byar og stader, mens gamle musikkspor framleis er å høyre på kjente plassar. 

Pris: 699 kroner

Det verkar nesten som om Nintendo gjer eit poeng ut av å alltid ha dyre spel. Sjølv om Breath of the Wild kom ut i 2017 kostar det framleis mellom 600 og 700 kroner avhengig av kor du kjøper det. Dette gjeld dei fleste andre store titlar på Nintendo Switch, og dei kjem sjeldan på tilbod. Likevel får du det du betaler for med Nintendo. Eg har spelt BotW i over 140 timar, og eg har kjøpt DLC-ane (downloadable content) i tillegg. Dei betalte eg 200 koner for, som vil seia at eg totalt har brukt rundt 900 kroner på dette spelet. Der eg er i Tears of the Kingdom no ser det ut som om det godt kan bli over 100 timar speletid.

Prisen er rimeleg med tanke på kor lenge du kan sitte i spelet.

Oppsummert

Terningkast 5Tears of the Kingdom er verkeleg ein draum, men eg trur det skal mykje til for å toppe den gleda og den eventyrlysta ein får av å rote rundt i Breath of the Wild. Likevel er eg overlykkeleg av å sjå mine favorittkarakterar igjen – historia, vennskapa, nostalgien – eg kunne ikkje vore forutan. 

 


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.


Er du interessert i film, seriar eller dataspel og kunne tenkja deg å skriva meldingar for lesarar mellom 15-25 år? Sjekk ut denne draumejobben!

Kollasj med Squid ame-deltakar, hovudkarakterane i sesong 1 av Bridgerton og Rue frå Euphoria.

Squid Game og Bridgerton er nokre av Netflix sine største suksessar, medan HBO har drege mange inn i den mørke ungdomsserien Euphoria. Foto: Netflix og HBO. Kollasj: Framtida.no