Framtida.no søkjer frilans film- og seriemeldar

Framtida
Publisert
Oppdatert 27.09.2023 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du engasjert i film? Er du kritisk og evnar å argumentera godt for meiningane dine? Då vil me gjerne ha søknaden din!

Framtida.no søkjer unge meldartalent med god nynorsk språkføring til å skriva film og/eller TV-seriemeldingar for unge i alderen 15–25 år.

Meldingane vert skrivne etter avtale med Framtida.no og vert løna med frilanshonorar per tekst. Det kan verta om lag ei melding i månaden, litt avhengig av din arbeidskapasitet og aktuelle lanseringar.

Du treng ikkje ha erfaring med TV- og filmmeldingar frå tidlegare, men bør vera skrivefør og ikkje redd for å vera kritisk og argumentera for meiningane dine.

Gode, kritiske vurderingar og ein presis og velstrukturert tekst er viktigare enn feilfri nynorsk, då Framtida.no alltid les korrektur.

Framtida oppmodar særleg unge og personar med minoritetserfaring om å søkja.

Nøkkelkvalifikasjonar:

  • Oppdatert på film og/eller TV-seriar
  • God nynorsk språkføring
  • Kritisk og flink å argumentera

Send CV og søknad der du fortel litt om deg sjølv og dine film/seriepreferansar og kunnskapar til ANDREA <a> FRAMTIDA.NO. Legg gjerne ved arbeidsprøvar av relevante tekstar, aller helst ei film/seriemelding. (Ho treng ikkje vera publisert nokon stad).

Søknadsfrist: 31. mai 2023

For spørsmål knytt til stillinga, kontakt redaktør Andrea Rygg Nøttveit. Tlf: 48140342

Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.


Her er ei bokmelding der Framtida.no sin meldar ikkje var einig med NRK sin kritikar:

Greta Thunberg har gitt ut handboka Klimaboka. Foto: © Kim Jakobsen / Omslag: Cappelen Damm / kollasj Framtida.no

Her er ei filmelding der meldaren har brukt eigne erfaringar for å melde filmen Så jävla easy going:

Tidlegare nasjonal ungdomsleiar i ADHD Norge, Margrethe Skinderviken, har sett den svenske filmen «Så jävla easy going». Foto: Privat