Serbia innfører strenge våpenlover etter masseskyting
Over 15 000 våpen har blitt levert inn i løpet av dei første dagane av våpenamnestiet som vart innført førre veke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter dei to masseskytingane i starten av mai i Serbia har styresmaktene kome med fleire tiltak for å hindre at noko liknande skal skje att.
Dei to masseskytingane førte til at til saman 18 personar vart drepne.
I etterkant har styresmaktene innført eit våpenamnesti, der innbyggjarar kan levere inn ulovlege våpen utan å bli straffa. Over 15 000 lovlege og ulovlege våpen har blitt levert inn til no, ifølgje CNN, både lovlege og ulovlege.
Våpenamnestiet skal vare ein månad, men i juni vil straffa for å ha slike våpen vere høgare enn før.
Høg våpentettleik
I utgangspunktet har Serbia ein av dei høgaste våpentettleikane i verda, delvis grunna tidlegare konfliktar på Balkan.
Ifølgje Small Arms Survey var det 39 handvåpen per 100 innbyggjarar i Serbia i 2018.
Det er den høgaste tettleiken i Europa.
Serbia var då på 3.-plass internasjonalt, etter Jemen og med USA på toppen.
Sjølv om styresmaktene no tek grep for å få ein lågare våpentettleik, vil fleire innbyggjarar ha større konsekvensar.
Fredag demonstrerte titusenvis mot vald og kravde at sentrale politikarar går av, melde NTB. Demonstrantane meiner blant anna at president Aleksandar Vučić og partiet hans er skuldige i korrupsjon, undertrykking av pressa, vald mot politiske motstandarar og har koplingar til organisert kriminalitet.