Noreg har passert 5,5 millionar innbyggjarar

Flyktningstraumen frå Ukraina bidreg til at befolkninga i Noreg veks kraftig. Men aldri før har fødselsoverskotet vore så lågt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I første kvartal passerte Noreg for første gong 5,5 millionar innbyggjarar. Men det er ikkje fordi det blir fødd så mange menneske her til lands.

Låg fruktbarheit

Fødselsoverskotet, altså talet på fødde minus døydde, var på berre 760 dei første tre månadene i år.

– Det er det lågaste fødselsoverskotet nokon gong i SSBs statistikk og kjem av i stor grad det stadig fallande fødselstalet, skriv SSB.

Fruktbarheita har vore på veg ned i Noreg sidan 2009, med unntak av 2021. Denne utviklinga heldt fram i starten av året. Det vart fødd 12.300 barn, mot 12.900 barn i same kvartal i fjor.

– Utanom unntaksåret 2021 har kvinner i alle alderstrinn frå 20 til 40 år fått færre og færre barn dei siste ti åra. Det er ingen store endringar frå år til år, men ein jamn nedgang, seier rådgivar Magnus Haug i SSB.

Sterk folkevekst

Når folketalet likevel stig, er det på grunn av innvandring. Krigen i Ukraina har ført til rekordmange flyktningar, og i år anslår regjeringa at kommunane må busetje 43.000.

Totalt auka befolkninga med 15.300 personar i første kvartal. Folkeveksten er den største i eit førstekvartal sidan 2012.

– Sjølv om fruktbarheita fell vidare, held folketalet fram med å auke. I første kvartal passerte vi 5,5 millionar, mellom anna på grunn av tilveksten av ukrainske statsborgarar, seier rådgivar Haug i SSB.

Høg innvandring

Nettoinnvandringa, altså innvandringar minus utvandringar, var den høgaste i eit førstekvartal sidan SSB byrja å publisere slike tal i 1997.

20.900 innvandringar og 6.300 utvandringar gav ei nettoinnvandring på 14.600.

Av dei 20.900 som flytta til Noreg i 1. kvartal, var 7.700 ukrainske statsborgarar.


Mamma Kateryna fortel at nordmenn er veldig villige til å hjelpe dei som kjem frå Ukraina. Ho har sjølv engasjert seg for å samle inn pengar til Ukraina. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg