Vekas viktigaste: Skuleskyting, renteheving og målrekord

Åshild Slåen
Publisert

Skuleskyting i Serbia

Fleire ungdommar tenner lys ved der det er lagt nedblomer på eit fortaug.

Skuleungdom tenner lys i nærleiken av Ribnikar-skulen i Beograd i Serbia etter skuleskytinga. Foto: AP Photo/Armin Durgut

Onsdag hadde ein 13 år gamal gut med seg eit skytevåpen på skulen sin i Beograd i Serbia. I skuleskytinga vart åtte elevar og ei sikkerheitsvakt drepen. I tillegg vart seks elevar og ein lærar såra.

Ifølgje politiet skal guten ha hatt ein detaljert plan for skytinga, med blant anna ei drapsliste. Han er no pågripen av serbisk politi, men 13-åringen er for ung til å bli halden ansvarleg for hendinga. Skytevåpenet skal ha tilhøyrt faren til guten, og begge foreldra hans er arresterte.

Styresmaktene i Serbia har kalla hendinga for den største tragedien som har skjedd i fredstid.

Torsdag kveld skjedde det også ein ny skyteepisode sør for Beograd. Åtte menneske vart drepne og 13 såra, og politiet har no arrestert den 21 år gamle gjerningspersonen.


Regjeringa skal gi meir pengar til Nato

To menn sit på kvar sin stor, med eit lite bord med norsk og ukrainsk flagg.

Statsminister Jonas Gahr Støre pratar med president Volodymyr Zelenskyj på nordisk-ukrainsk toppmøte 3. mai 2023. Regjeringa har plikta seg til å bruke meir pengar på forsvaret og Nato, og mykje av ressursane vil truleg gå til Ukraina. Foto: Tomm W. Christiansen / Statsministerens kontor

Tysdag la regjeringa fram ein plan for korleis dei skal bruke pengane sine på forsvar i åra som kjem.

Eit viktig punkt er at dei innan 2026 skal bruke to prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) på Nato. Dette er eit mål som Nato-landa vart einige om i 2014, men som Noreg aldri har oppfylt.

Det betyr ein auke i bruken av pengane til forsvar og militære, men regjeringa reknar den økonomiske støtta det ukrainske forsvaret inn i målet.


Charles den tredje blir krona til konge

Kronjuvelane til det britiske kongehuset. Foto: United Kingdom Government, Public domain, via Wikimedia Commons

Laurdag skjer kroningsseremonien for Charles den tredje (74) i kyrkja Westminster Abbey i London.

Ikkje alle er like nøgd med kroninga, ifølgje TV 2. Nokre har kritisert pengebruken på seremonien medan mange britar slit med dårlegare økonomi, og Charles er ikkje like populær som mora hans, dronning Elizabeth, var.

Likevel er det framleis støtte for eit monarki i Storbritannia, med 58 prosent som føretrekker det over eit statsoverhovud som er folkevalt.

Det er det norske kronprinsparet som kjem til å representere Noreg under seremonien.


FN stoppar nødhjelp til Tigray for å etterforske tjuveri

Fleire lastebilar på rekke som ein mann går framfor. Han har ei t-skjorte der det står UK-aid på ryggen.

ILLUSTRASJONSBILETE: Frå desember 2022, då den britiske utanriksministeren inspiserer køyretøy som fraktar mat til Tigray-regionen. Verdens Matvareprogram (WFP) har stoppa hjelpa til regionen medan dei etterforskar tjuveri og feilfordeling av mat. Foto: Simon Dawson / No 10 Downing Street.

Tigray-regionen i Etiopia har hatt stort behov for hjelp sidan det vart slutt på den to år lange borgarkrigen. Over fem av dei seks millionar innbyggjarane i regionen er avhengige av den humanitære hjelpa FN sitt matvareprogram gir dei.

No stoppar FN tilbodet mellombels for å etterforske tjuveri, skriv AP.

Dette kjem etter matvareprogrammet etterforska anna tjuveri og feilfordeling av mat i Etiopia. I tillegg til borgarkrigen har landet også vore ramma av ei alvorleg tørke som gjer at totalt 20 millionar menneske treng humanitær hjelp.


Noregs Bank hever styringsrenta igjen

Inngangen til Norges bank.

Styringsrenta blir heva på nytt. Foto: Espen Schive / Noregs Bank

Torsdag varsla Noregs Bank at dei kjem til å heve styringsrenta med 0,25 prosentpoeng, frå 3 prosent til 3,25. Det er det høgaste nivået styringsrenta har vore på sidan 2008.

Styringsrenta er med på å legge føringar for kva slags vilkår norske bankar set for kundane sine. Grunnen til at styringsrenta blir heva er fordi Noregs Bank vil dempe inflasjonen, altså det som gjer at mange ting blir dyrare.

Auka styringsrente tyder at til dømes flytande rente på lån kjem til å auke.


✨Lyspunkt✨: Haaland med historisk mange mål

Tre fotballspelarar på kamp i lyseblå City-drakt.

Haaland feirar sitt andre mål i kampen mot West Ham onsdag 3. mai 2023. Foto: AP Photo/Dave Thompson

Erling Braut Haaland har scora fleire mål enn nokon andre i ein Premier League-sesong i år. Rekorden tok han i ein kamp på onsdag då Manchester City spelte mot West Ham. Til no har Haaland scora 35 mål i årets Premier League-sesong. Det er eitt meir enn Andy Cole og Alan Shearer, som delte rekorden i 28 år, skriv TV 2.

Den tidlegare rekorden vart teken i sesongar med 42 kampar, men Haaland knuste den på berre 33. Med fem kampar igjen av sesongen er det ikkje usannsynleg at City-spelaren aukar talet.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Abonner på nyheitsbrevet vårt!