Haaland sette historisk målrekord

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Til no har Haaland scora 35 mål i årets Premier League-sesong. Det er eitt meir enn Andy Cole og Alan Shearer, som delte rekorden i 28 år, skriv TV2.

Haaland (22) har spelt for engelske Manchester City sidan 2022. På kort tid har nordmannen blitt ein av verdas mest kjende fotballspelarar.

Den tidlegare rekorden vart teken i sesongar med 42 kampar, men Haaland knuste den på berre 33. Med fem kampar igjen av sesongen er det ikkje usannsynleg at 22-åringen aukar talet.


Kollasj av norske fotballspelarar

Desse norske spelarane er rekna å koste mest. Foto: AP Photo/Frank Augstein, AP Photo/Jon Super, Tim Goode/PA via AP, kollasj Framtida.no