Viral videokampanje om Downs syndrom utfordrar fordommar

I videoen oppmodar skodespelar Madison Tevlin (22) folk til å la personar med Downs syndrom få gjere ting andre vaksne kan.

Åshild Slåen
Publisert

– Hei bartender! Du går ut frå at eg ikkje kan drikke, difor får eg ikkje drikke.

Slik opnar den virale videoen som no er sett over 29 millionar gonger på TikTok, 19 millionar på Instagram og 119 000 gongar på YouTube.

Videoen er produsert i høve Verdsdagen for Downs syndrom 21. mars av den italienske organisasjonen CoorDown. Dei arbeider med å fremje rettane til personar med Downs syndrom.

I videoen vender den canadiske skodespelaren Madison Tevlin seg direkte til sjåaren, og utfordrar fordommane ein har om personar med syndromet.

«Assume that I can, so maybe I will», eller «Gå ut frå at eg kan, så kanskje kan eg» er hovudbodskapet til videoen, med eksempel som å drikke alkohol, stå på scena og bu åleine.

Videoen er spesielt inspirert av FN-tala til 29 år gamle Marta Sodano, som har Downs syndrom.

– Eg oppdaga at i psykologi er det eit konsept som heiter «Sjølv-oppfyllande profeti», der ein lærar som trur at ein elev ikkje kan forstå oppfører seg deretter, og derfor underviser dei ikkje studenten, sa ho i 2019.

I tillegg til videoen, har CoorDown delt fleire innlegg og personlege historier frå personar med Downs syndrom om kva dei faktisk kan gjere og kva fordommar dei har møtt.