Skal bruke 30 timar på å lese opp rapport om fornorsking

Ein rapport på 700 sider frå Sannings- og forsoningskommisjonen vil bli lesen høgt på Nationaltheatret.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den 1. juni skal Sannings- og forsoningskommisjonen levere ein fersk rapport til Stortinget om korleis den norske staten har fornorska samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar.

Etter rapporten er levert vil komiteen gå til Nationaltheatret. Der skal det kvenske teateret, Kvääniteatteri, ta imot rapporten, og alle sidene skal bli lesne høgt.

– Heile Noreg skal lese rapporten

Framføringa blir gjort i samarbeid med Festspillene i Bergen og NRK, avslører teatersjef Frank Jørstad.

Opplesinga vil ta rundt 30 timar, og rapporten vil bli lesen av representantar frå nasjonale institusjonar, scenekunstnarar og heilt vanlege folk, fortel teatersjef for Kvääniteatteri Frank Jørstad til NRK.

– Vi har teke utgangspunktet i at heile Noreg skal lese rapporten, altså representantar frå heile Noreg. Det vil seie at så mange dialektar som mogleg skal bli høyrde, fortel Jørstad til NRK.


Les også: Kaisa (24) lærte aldri kvensk på skulen – kjempar for å bli kvensklærar

Portrett av ung jente

Kaisa Sundelin (24) ønskjer å undervise i kvensk, men slit med å oppnå undervisningskompetanse.
Foto: Kristian Alexandersen Barstad