No kan du sjå meteorsvermen Lyridane

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Meteorsvermen dukkar opp på himmelen kvart år, skriv Smithsonian Magazine.

Meteorsvermen starta 16. april og vil vara til 29. april. Fenomenet vil vera sterkast mellom 21. og 22. april. Då vil ein kunne sjå rundt 18 meteorar pr. time. Meteorane beveger seg med ein fart på 27 kilometer pr. sekund.

Lyridane er ein av dei eldste meteorsvermane. Han vart fyrst observert for 2700 år sidan i Kina.

Neste meteorsverm er Perseidane, som er sterkare og raskare. Perseidane kjem kvart år i august.

Slik får du best utsikt

NASA har komme med ei rekke tips for å sjå meteorsvermen best mogeleg.

Dei anbefaler å komma seg ut av storbyar for å sikra at himmelen ikkje er råka av lysforureining. Sterke lys frå bygningar, gatelys og bilar gjer det vanskelegare å sjå ting på himmelen.

Sidan det framleis er kaldt ute, spesielt om natta, er det viktig å hugsa varme klede. Kle godt på deg og ta med deg eit teppe eller sovepose. Det er òg lurt å ha med seg noko varmt å drikka. Kakao, te eller varm saft er gode alternativ.

Vidare seier dei at ein bør legga seg på bakken med beina mot aust. Så må du venta ei stund. Sidan auga våre er vande med sterke lys treng dei ei stund til å venne seg til å sjå i mørket, om lag ein halvtime.