Desse skal reisa til månen i 2025

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Sist gong det var menneskje på månen var i desember 1972. Det er meir enn 50 år sidan.

No jobbar NASA for å senda fire nye astronautar opp for å utforska overflata. Artemis-oppdraget siktar seg inn mot månen sin sørpol.

NASA har peikt ut NASA-astronautane Christina Hammock Koch, Reid Wiseman og Victor J. Glover og dessutan Jeremy Hansen frå det kanadiske romfartsinstituttet.

Fyrste kvinne og svarte mann

Til no er det berre kvite menn som har fått reisa til månen. Artemis-oppdraget sender for fyrste gong ei kvinne og ein svart mann i tillegg til to kvite menn.

Oppdragsspesialist Christina Hammock Koch er ingeniør og held rekorden for det lengste opphaldet i verdsrommet av ei kvinne, 328 dagar i strekk. Hammock Koch deltok òg i den fyrste romvandringa med berre kvinner.

Pilot Victor J. Glover har delteke i fleire oppdrag for Space X. Glover er utdanna ingeniør og har jobba for det amerikanske militæret i mange år. Han har òg vore i verdsrommet i 168 dagar allereie.

Les meir: NASA: Neste år blir det bemanna ferd rundt månen