PISA: Norske 15-åringar presterer svakare i lesing og naturfag
Gutane slit særleg med lesing, viser ei ny PISA-undersøking. Kvar fjerde gut ligg under kritisk grense for å kunne delta i jobb og vidare utdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norske elevar ligg framleis over OECD-snittet, men samanlikna med 2015 presterer elevane svakare i lesing og naturfag, viser den nye PISA-undersøkinga som vart lagt fram tysdag.
Den internasjonale PISA-undersøkinga kartlegg kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag og blir gjennomført kvart tredje år.
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) meiner openheit om resultat i skulen er viktig, men er ikkje nøgd med funna.
– Eg skulle gjerne sett at PISA-resultata var meir positive, og er særleg bekymra for elevane som presterer på dei lågaste nivåa. Regjeringa har sett i gang fleire tiltak for tidleg innsats og for å løfte alle elevar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
Bekymra for gutane
Resultata viser at dei norske elevane presterer over OECD-gjennomsnittet i lesing og matematikk, og likt med OECD-snittet i naturfag. Sett over tid er det stabile resultat i alle dei tre fagområda, men prestasjonane har falle i naturfag og lesing samanlikna med førre undersøking i 2015. I matematikk er det inga endring frå 2015.
Særleg bekymrar Sanner seg for gutane sine leseferdigheiter. 26 prosent av gutane er på dei lågaste nivåa i lesing, medan dette gjeld 12 prosent av jentene. Til samanlikning var 21 prosent av gutane og 9 prosent av jentene på desse nivåa i 2015.
– Det er alvorleg at kvar fjerde gut slit så mykje med lesing at dei ligg under det OECD omtaler som ei kritisk grense for å kunne delta i vidare utdanning og jobb, seier Sanner.
Jentene best i alt
I undersøkinga har elevane òg svart på spørsmål om lesevanar. Over halvparten av elevane (51 prosent) seier at dei ikkje les på fritida. Til samanlikning var det 40 prosent som svarte dette i 2009. Samtidig aukar tida elevane bruker på å lese på skjerm. Fleire norske elevar enn snittet i OECD svarar at dei berre les når dei må.
– Vi må få meir kunnskap om kva auka digitalisering gjer med elevane sine leseferdigheiter, seier Sanner.
Nedgangen i lesing og naturfag sidan 2015 kjem av at ein større del elevar presterer på dei lågaste nivåa. Totalt er omtrent éin av fem norske elevar på dei lågaste nivåa i PISA 2018. OECD er bekymra for at elevar på desse nivåa ikkje vil vere førebudde til vidare utdanning og arbeidsliv.
Undersøkinga viser òg at forskjellen mellom resultata til gutane og jentene aukar. Norske jenter presterer for første gong betre enn gutane i alle dei tre fagområda.
Utdanningsleiar: – Måler ikkje alt
– Sidan eg ikkje jublar når norske PISA-resultat viser framgang, vil eg heller ikkje slå alarm fordi resultata no går litt ned, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal i ein kommentar.
Han peikar på at hovudbildet sidan første PISA-test i 2000 er stabilitet og få overraskingar.
– Vi må ikkje gløyme at PISA ikkje måler alle kvalitetar og resultat i skulen. Denne typen normerte testar kan ikkje fortelje oss kva som er gjort riktig i eit skulesystem eller kva endringar som er nødvendige for å bli betre. Når vi no står føre arbeidet med innføringa av fagfornyinga, er det spesielt viktig at vi vidarefører dette arbeidet og ikkje kastar om på alt det gode arbeidet som er på gang, seier Handal.