Barneheimsturisme: «Industrien er dårleg for både barna og dei frivillige»

Ruth Kubrom (15)Ruth Tedros Kubrom (15)
Medlem Ung SOS - SOS Barnebyer
Publisert
Oppdatert 24.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Når ein tenker på frivillig arbeid med barn, får ein ofte mange gode tankar. Men det er ikkje alltid så positivt.

I UngSOS, som er ungdomsorganisasjonen til SOS Barnebyer, har vi ein kampanje om barneheimsturisme. Vi vil skape synlegheit om barneheimsturisme, fordi vi ser kor store problem som kan kome ut av dette temaet. Og vi ser at denne industrien er dårleg, for både dei råka barna og for dei frivillige. Dette må vi endre på.

Frivilligheitsturisme

Frivilligheitsturisme eller voluntourism går ut på at folk, ofte unge menneske, betalar frå eiga lomme for å jobbe som frivillig i fattige land. Kvart år er det over 10 millionar internasjonale reiser som kan koplast til barneheimsturisme. Det er ein industri som er verd meir enn 20 milliardar kroner.

Det å vere frivillig i barneheim er noko som har vore ein trend for engasjerte ungdommar i Noreg. Og industrien aukar stadig. Barneheimsindustrien er basert på tilbod og etterspurnad, og difor må barneheimane tilpasse seg behova.

Sidan industrien blir større, blir etterspurnaden også større. Då kan det skje at ein går ut i lokalsamfunnet og hentar barn frå blant anna fattige familiar. Foreldra kan bli tvinga eller overtalt til å gje frå seg barnet, slik at pengar kan tenast, og tilbodet svarar opp. Dette meiner eg er veldig trist.

I 8 av 10 tilfelle så er barn plassert i barneheim på grunn av fattigdom

Garanterer ikkje alltid eit betre liv

At barn blir tatt inn i barneheimar garanterer ikkje alltid eit betre liv. Barneheimar tener pengar på frivillige og donasjonar, så dei kjem til å halde fram. Det er så ille at faktisk i 8 av 10 tilfelle så er barn plassert i barneheim på grunn av fattigdom, ikkje fordi dei ikkje har familie!

Det er estimert at det er rundt 8 millionar barn plassert i barneheimar, og av desse er det ca. 80 prosent til 90 prosent som har minst éin forelder i live. Dette gjeld spesielt land som Kambodsja, Haiti etter jordskjelvet, Ghana og Nepal.

Auken av barneheimar skjedde i takt med auka frivilligheitsturisme. Samstundes er det fleire barneheimar som ikkje har lisens, og som ikkje er registrert offentleg. Mange barn har heller ikkje nokon ID, og er rett og slett anonyme.

I verste fall for barna, får dei traume

Ein veit ikkje korleis barna har det, eller kva som føregår. Fleire barn i barneheimar blir både fysisk og psykisk såra. Dette kan vere fordi det sjeldan er noko krav om politiattest, bakgrunnssjekk eller kompetanse hos dei frivillige.

Det at barn og barneheimar ikkje er registrert i det offentlege, gjer det enklare å bryte menneskerettar. Det er berre éin av grunnane til at det skjer menneskehandel, seksuell utnytting og misbruk mot dei sårbare barna. I verste fall for barna, får dei traume som blir med dei livet ut.

Fleire barn i barneheimar blir både fysisk og psykisk såra

Bidrar til industri med skuggesider

Mange av organisasjonane innanfor barneheimsturisme har gjort ein dårleg jobb med å påpeike desse situasjonane. Det resulterer i at barn blir tekne frå foreldra og mistar familieomsorga. Dei kan få psykiske problem og traume, og oppleve brot på menneskerettane sine.

Det resulterer også i at unge frivillige som har gode intensjonar, endar opp med å bidra til ein industri som har mange skuggesider.

Vi i UngSOS jobbar for å hindre det som skjer. For å gjere det, må vi nå fram til styresmaktene, slik at dei kan presse på for at det skal lagast nye lover for å endre industrien. Vi jobbar også med å gi folket meir innsyn og innsikt om den dårlege sida ved barneheimsturisme.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Ukrainske barn som har flykta får gå på skule i utlandet. Foto: AP Photo/Michal Fyjuk