Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde ikkje høyrt på mamma om at utdanning var viktig, så eg hadde valt utdanning etter kva som passa best med tanke på fotballtrening, skriv Espen PA Lervaag i ein e-post til Framtida.no.

Manusforfattaren, komikaren og skodespelaren vart for alvor kjent for det norske folk då han var med i TV 2-suksessen Kompani Lauritzen. I tillegg inviterer han kvar veke sjåarar inn i heimen sin medan han ser på TV i programmet Sofa.

Frå fotball til innebandykrigar

I desse dagar er han aktuell på same kanal som både forfattar og skodespelar i humorserien Innebandykrigerne.

Innebandykrigerne. Bjørn Myrene, Nicolai Cleve Broch, Iben Akerlie, Erik Follestad, Amir Asgharnejad og Espen P.A. Lervaag.
Foto: Espen Solli

Då Lervaag var 20 år i 1997 var det ein ganske annan idrett som dominerte kvardagen. Huringen var fotballspelar i 2. divisjon.

– Mjøndalen var laget og framtida såg lys ut, minnest 45-åringen.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Debuterte på A-laget til Mjøndalen. Ein bortekamp. Fekk dei siste 20 minutta og var veldig glad då eg merka eg hadde nivået.

Lillelørdag og britpop

På TV-skjermen rulla mellom anna Lillelørdag med Bård og Harald.

– Det har jo vore ganske så definerande for livet mitt og det eg jobbar med i dag. Elles gjorde eg vel som alle andre, høyrde på Oasis og andre britpop-band. Noko eg faktisk framleis gjer.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Nei, men eg hugsar generelt nesten aldri bursdagen min. Sånn er det å vera fødd 10. juli. Selskap midt på sommaren når alle er på ferie har ikkje skapt store minne.

Lite russedress, mykje trening

Men eit anna sterkt minne frå 1997 var då Noreg slo Brasil 4–2 på Ullevål.

– Det hugsar eg veldig godt. Elles så hugsar eg at eg var russ, men som fotballspelar så hadde eg på meg russedress ein gong. Resten brukte eg på trening og kampar.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Hadde veldig gode tankar om framtida. Den var ganske sett. Men då den plutseleg ikkje blei som den skulle vore, var framtidstankane bekmørke.

Målet var å bli profesjonell fotballspelar, ein plan som gjekk i vasken. Lervaag vart heller utdanna teknisk teiknar, noko han den dag i dag ikkje anar kva er.

– Syt for å ha fleire vegar å gå

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Syt for å ha fleire vegar å gå enn berre ein. Du veit aldri kva som skjer i framtida.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Følg draumen din, det er ikkje sikkert du klarar den, men du kjem til å angra om du ikkje prøvde.


Glade ungdommar i gruppe på collegerom

I midten: Rima Iraki (20) studerte hardt og koste seg som student i Brisbane, Australia