Haaland verd nesten 2 milliardar – her er dei ti dyraste norske spelarane

Erling Braut Haalands antekne salspris er på full fart mot 2 milliardar kroner. Martin Ødegaard har dobla verdien på halvtanna år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den anerkjende nettstaden Transfermarkt har desse prisvurderingane av norske stjerner:

1: Erling Braut Haaland (Manchester City)

Haalands verdi blir anslått med dagens valutakurs til 1944 millionar kroner. Berre Kylian Mbappé ligg føre nordmannen med 2,05 milliardar som anslått salspris.

Haaland feirar etter å ha scora mål

Erling Braut Haaland både scora mål og leverte assist i Champions League-kampen mot Bayern München tysdag 11. april. Nordmannen tok dimed enda ein rekord. Han er den første Premier League-spelaren som scorar 45 mål på éin sesong i alle turneringar. Foto: Tim Goode/PA via AP

2: Martin Ødegaard (Arsenal)

Ødegaard har dobla sin verdi sidan mars 2021. Den er no 914 millionar kroner.

Ødeegard hoppar i lufta og jublar

Arsenal-kaptein Martin Ødegaard har hatt mykje å juble over denne sesongen. Lagets hans ligg øvst på tabellen i Premier League, og han vart kåra til årets spelar i London. Foto: AP Photo/Frank Augstein

3: Sander Berge (Sheffield United)

Sander Berge blir verdsett til 205 millionar. Klubben hans er høgst truleg på veg opp i Premier League.

Berge i duell med motspelar om ballen på bana.

Sander Berge gjer det bra i Sheffield United. Dei er i dag i Championship, men ligg an til å rykke opp til toppdivisjonen i England. Foto: AP Photo/Jon Super

4: Fredrik Aursnes (Benfica)

Fredrik Aursnes har fått full fart på karrieren etter flyttinga til Portugal. Verdi: 182 millionar.

Aursnes i raud drakt i ferd med å dempe ballen.

Fredrik Aursnes speler på det portugisiske storlaget Benfica. Her under ein Champions League-kamp mot Brugge tidlegare i år. Foto: AP Photo/Armando Franca

4: Kristoffer Ajer (Brentford)

Kristoffer Ajer har ikkje hatt nokon god sesong og har vore mykje skadd. Likevel er han prissett til 182 millionar.

To spelarar kjempar om å heade ballen.

Denne duellen vann Kristoffer Ajer på Brentford. Foto: AP Photo/Rui Vieira

6: Mohamed Elyounoussi (Southampton)

Mohamed Elyounoussi er stabiliteten sjølv og ligg stabilt på ein 137-millionverdi.

To spelarar kjempar om ballen

Mohamed Elyounoussi er ein del av stallen til Southampton. Her i duell med Darwin Nunez på Liverpool i ein Premier League-kamp tidlegare i sesongen. Foto: AP Photo/Jon Super

6: Alexander Sørloth (Real Sociedad)

Alexander Sørloth har falle mykje i verdi sidan toppen i august 2020. Han er i dag verdsett til 137 millionar kroner.

Ung mann sparkar ballen

Her er Alexander Sørloth i ferd med å klinke ballen i mål for Real Sociedad i ein Europa League-kamp tidlegare i sesongen. Foto: AP Photo/Miguel Oses

8: Jørgen Strand Larsen (Celta Vigo)

Jørgen Strand Larsen sin antekne pris ligg på 125 millionar.

Ung mann i kvit Noreg-drakt på fotballbana

Jørgen Strand Larsen spelar for den spanske klubben Celta Vigo. Her er han i aksjon for det norske landslaget.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB

9: Julian Ryerson (Borussia Dortmund)

Julian Ryerson er på veg opp i verdi og ligg i dag på 114 millionar.

Ung mann i gul trøye spring med ballen

Tyske Borussia Dortmund har skaffa seg ein ny nordmann. Her er Julian Ryerson i aksjon i ein bundesligakamp mot Augsburg. Foto: AP Photo/Martin Meissner

10: Andreas Schjelderup (Benfica)

18-åringen Andreas Schjelderup er einaste tenåring på topp-10 blant norske spelarar. Verdi: 102 millionar kroner.

Ung mann i svart fotballdrakt varmar opp

Andreas Schjelderup på trening med Benfica på treningsleir i Seixal, utanfor Lisboa 10. april 2023. Foto: AP Photo/Armando Franca