Iran set opp kamera for å overvaka kvinner

Janne Nerheim

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Mange iranske kvinner har droppa sløret etter at 22 år gamle Masha Amini døydde i varetekt hos moralpolitiet i september.

Irans såkalla «moralpoliti» har i oppgåve å sikra respekten for islamsk moral. Det inneber mellom anna å rapportera om «dårleg hijab», eit samleomgrep som gjeld brot på den strenge kleskoden i landet for kvinner.

– Kvinner som ikkje er riktig kledde vil bli straffa, uttalte politiet i landet laurdag ifølgje Reuters.


Fem jenter framfor bustadblokk

Desse fem jentene skal ha blitt oppsøkt av politiet i Iran etter å ha lagt ut ein dansevideo på TikTok.