TikTok dansar til Selena Gomez-låt for Iran
Fem iranske jenter skal ha blitt oppsøkt av politiet etter å ha lagt ut ein TikTok-video til låten Calm down. No dansar internett for dei.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
TikTok dansar i solidaritet med fem iranske jenter. Dei skal ha blitt oppsøkt av politiet etter å ha lagt ut ein TikTok-video der dei dansar utan å ha dekt til håret.
Saka er omtala av blant anna nettstaden Vice.
@freedomforiran_ These girls are so brave my heart breaks for them ❤️🩹🖤 #bravery #womenempowerment #tiktokchallenge #dancechallenge #tiktokdance #calmdown #viraldance #humanrights ♬ Calm Down – Rema
Jentene skal ha lagt ut dansevideoen til Rema- og Selena Gomez-låten på TikTok for å feira den internasjonale kvinnedagen 8. mars.
Iranske lover forbyr kvinner å visa seg offentleg utan å dekkje til håret. Dei forbyr dei òg å dansa i offentleg rom.
Tilståing
Vice har ikkje fått stadfesta saka, men siterer ein Twitter-konto som hevdar jentene vart oppsøkt av politiet i Teheran fredag 10. mars.
Jentene skal ha vorte tvungne til å tilstå at dei hadde gjort ein feil og signera på at dei ikkje skulle gjera det igjen. Ei slik straff skal verte brukt på mindre saker og dei som kjem i klammeri med politiet for første gang.
Kvinner i Iran risikerer strenge straffer for brot på reglane om dans i offentlegheita og ikkje dekkja håret. Tidlegare i år vart eit ungt par dømt til ti og eit halvt år fengsel etter å ha lagt ut ein dans på sosiale medium.