Under halvparten såg ferdig «Maktens ringer»

Berre 45 prosent av sjåarane såg ferdig heile «Maktens ringer», som var rekna for å vere blant dei dyraste TV-produksjonane i verda då han hadde premiere i fjor.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Hollywood Reporter som har fått fram tal rundt sjåaroppslutninga rundt «Ringenes Herre: Maktens ringer», som etter seiande hadde eit budsjett på 715 millionar dollar.

Les også: Ny Ringenes Herre-serie er dyrare enn USAs måneutforskingsbudsjett

Dalande sjåartal

Det var strøymetenesta til Amazon Prime, som stod bak. Dei held tala tett til brystet, men bransjebladet siterer kjelder internt på at sjåartala dalte i takt med at dei åtte episodane i serien vart sleppt veke for veke.

I USA skal – ifølgje desse kjeldene – berre 37 prosent av TV-sjåarane ha sett ferdig heile serien, medan talet globalt var noko betre – på 45 prosent. Ifølgje kjeldene til bransjebladet ville 50 prosent vore «akseptabelt». Jennifer Salke, som er sjef for Amazon Studios, deler ikkje synet på at serien går dårleg.

– Denne viljen til å framstille serien som noko anna enn ein suksess speglar ikkje dei samtaler eg har internt, seier ho til Hollywood Reporter.

Salke lovar at no som første sesong har bygd opp universet, vil den kommande andresesongen innehalde «dramatiske twistar».

Den puertoricanske skodespelaren Ismael Cruz Córdova spelar alven Arondir i Rings of Power. Foto: Ben Rothstein/Prime Video