50 år sidan verdas første mobiltelefonsamtale
3. april 1976 tok amerikanske Martin Cooper den første mobiltelefonsamtalen i verda med ein Motorola på gata i New York.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Joel, dette er Martin Cooper. Eg ringer deg frå ein mobiltelefon, ein ekte handhalden mobiltelefon.
Desse orda var dei første mobiltelefonens far sa, då han ringde opp konkurrenten Joel i teleselskapet AT&T.
Her kan du sjå Cooper spela ut telefonsamtalen for aktualitetsprogrammet 60 minutes. Han minnest at det var stille i andre enden.
10 timar ladetid for 35 minutt samtale
Tidleg på 1970-talet var det mogleg å ta ein telefon frå bilen, men Motorola-ingeniøren Cooper ville at telefonen skulle verta endå meir mobil.
3. april 1973 skulle Martin Cooper halde ein pressekonferanse. I forkant av denne tok kan med seg ein journalist ut på gata i New York for å demonstrera det som skulle verta verdas første mobiltelefonsamtale.
Telefonen han brukte var på storleik med ein sko, vog over eitt kilo, og måtte ladast opp i 10 timar for å gje ein telefonsamtale på 35 minutt.
Først ti år seinare lanserte Motorola sin første kommersielle mobiltelefon, DynaTAC, som kosta heile 3900 amerikanske dollar.
Sjå meir av historia i denne Bloomberg-reportasjen frå 2015:
Cooper har fortalt CNN om responsen på dei første mobiltelefonane.
– Folk var overvelda av at ein kunne halde telefonen opp til øyret, gå rundt og ta ein telefonsamtale, minnest Cooper, som i dag er 94 år gamal.
– Smarttelefonen er eit teknologisk underverk
Han var viss på at alle ville ha ein mobiltelefon ein dag i framtida, men ikkje at det ville skje i hans levetid.
– Me kunne aldri ha føresett kva som har skjedd med teknologien i åra etter me laga den første mobiltelefonen. Den moderne smarttelefonen er eit teknologisk underverk. Det er utruleg alt det innhaldet som er pressa inn i dagens mobiltelefonar, men eg er ikkje veldig nøgd med det, seier Cooper til Bloomberg.
– Me trur me kan laga ein smarttelefon som gjer alt for alle, men me veit at den ikkje gjer nokre av dei tinga perfekt. Så me har framleis ein veg å gå.

Fleire unge slit med å leggja vekk mobiltelefonen og la den liggja. Illustrasjonsfoto: Photo by Christian Wiediger / Unsplash