Ella Marie Hætta Isaksen heidra med Fritt Ords Honnør

– Har vorte eit sterkt symbol på den fornya rettskampen urfolk har ført i Noreg, skriv Fritt ord om prisen.

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er utvida etter ei oppdatering frå NPK kl. 14:33

Artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen fekk torsdag Fritt Ords Honnør for innsatsen sin for minoritetsvern og samiske urfolksrettar.

Isaksen var frontfigur under demonstrasjonane mot den manglande oppfølginga til regjeringa av høgsterettsdommen om vindturbinane på Fosen i Trøndelag.

Kunstnaren og aktivisten Isaksen har vorte eit sterkt symbol på den fornya rettskampen urfolk har ført i Noreg, 40 år etter Alta-aksjonane.

Det skreiv Fritt Ord då det i byrjinga av mars vart kjend at Hætta Isaksen skulle få heidersprisen.

Fritt Ords Honnør består av eit beløp på 100.000 kroner. Prisen blir delt ut av Stiftinga Fritt Ords styre for verdifullt virke i tenesta til det frie ordet, gjerne i tilknyting til ei aktuell sak.

– Isaksen har stått sentralt ved å sameine kultur, aktivisme og arbeid for minoritetsvern og urfolksretter på måtar som har nådd svært mange, seier styreleiar Grete Brochmann.

Kritiserer pressa

Isaksen nytta sjølv høvet torsdag til å rette søkjelyset mot pressa si dekning av Fosen-saka, som står ho nært.

Norsk presse burde vunne pris for konsekvent å klare å avspore debatten om Fosen, sa Isaksen i talen sin då ho torsdag formiddag fekk Fritt Ords Honnør.

Ho var sjølv ein frontfigur i demonstrasjonane mot den manglande oppfølginga til regjeringa av høgsterettsdommen om vindturbinane på Fosen i Trøndelag.

Skyt frå hofta

– I saker som omhandlar minoritetar held det ikkje at journalistar, faste spaltistar og redaktørar berre skyt frå hofta. For dei som tek støyten for det er samiske barn i skulegarden, som må møte alt det grumset som media sveivar opp, seier ho.

– Det er ikkje eit kvalitetsteikn at norske medium ikkje ser forskjellen på ei legitim motstemme, og rein og skir rasisme.


Artist, aktivist, forfattar og skodespelar Ella Marie Hætta Isaksen. Foto: Sara Angelica Spilling