Vil bygga med poteter på Mars

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.
Materialet er dobbelt så sterkt som betongen me har på jorda. Det må det vera for å halda seg heilt under trykket frå den tunge atmosfæren på Mars.

Stjernebetongen toler mykje meir enn vanleg betong. Foto: Aled Roberts / The University of Manchester
Laga eige Mars-støv
Sidan støv frå Mars er vanskeleg og dyrt å få tak i, måtte forskarane laga kunstig Mars-støv for å utvikla materialet.
Målet deira var å laga ei oppskrift på betong som blir lett å laga når astronautar skal i gang med å byggja forskingsstasjonar på andre planetar.
Dei fekk òg til å laga StarCrete med støv frå månen. Den var enda sterkare enn den med støv frå Mars.