Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Altså, det året eg var 20 skjedde det enormt mykje i mitt liv. Det var kanskje det mest formative året eg har hatt.

Skodespelar Kyrre Hellum (49) minnest tilbake til livet som 20-åring.

Året var 1994 og unge Hellum budde i Spania for å studera spansk, oppleva verda, koma seg vekk frå ein ulukkeleg kjærleik og unngå Lillehammer-OL.

– Eg mislikte alt ved dette evenementet: sjølvgodheita, estetikken og Bjørn Dæhlie, skriv Hellum i ein e-post til Framtida.no.

Skiløparar og publikum

Italienske Silvio Fauner i sluttspurt mot den norske idrettshelten Bjørn Dæhlie. Foto: Odd Arne Husum/Wikimedia Commons

Uviss retning i livet

Du har kanskje sett han i kinofilmar som Tomme tønner, Arme riddere eller Full dekning. Eller kanskje som trollmannen Snerk i Julekongen?

For tida er skodespelar Kyrre Hellum å sjå i «Det såkalla heisstykket» på Det Norske Teatret i Oslo, ein samfunnssatire av tyske Nis-Momme Stockmann.

Men det var ikkje sjølvsagt at unge Hellum skulle bli skodespelar.

– På denne tida ante eg ikkje kva eg skulle bli eller kva retning livet skulle ta. Tidshorisonten i delen av livet mitt strakk seg frå månad til månad. Deileg!

Kyrre Hellum anno 2023 og medspelar Carl Martin Eggesbø i «Det såkalla heisstykket». Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret

«No byrjar det!»

Første tida i Spania studerte Kyrre Hellum spansk ved Universitetet i Madrid, før han flytte til universitetsbyen Granada.

Trass i at han ikkje hadde «tilstrekkelege akademiske evner», var draumen likevel å bli ein klok, kul og kontroversiell akademikar/intellektuell med ein skarp penn som refsa samfunnet, avslørte skjulte maktstrukturar og med desse avsløringane skulle frigjera menneska til å bli sjølvstendige og kritiske.

Eit sterkt minne var då han gjekk ut av taxien på Plaza de Espania i Madrid ein av dei første dagane i januar.

– Eg vart ståande på plassen og sjå rundt meg, og så sa ei stemme i meg; «No byrjar det!»

Telefonsamtalen som enda i karriere

Seinare den hausten skulle han byrja på Romerike folkehøgskule, der mange kjende skodespelarar har gått før han.

Det var med eit naudskrik at det vart slik, for då 20-åringen løfta opp røret i ein telefonkiosk i Sevilla for å høyra kva tid fristen for å søkja var, fekk han beskjed om at fristen hadde gått ut for ein time sidan.

– Eg la på, og var skuffa. På vegen frå telefonkiosken snudde eg og gjekk tilbake til kiosken, ringde til skulen igjen og fekk éin dag utsetting. Eg trur eg ikkje hadde blitt skodespelar om eg ikkje hadde snudd den ettermiddagen i Sevilla midt under den flamenco-festivalen, skriv Hellum.

Etter å ha gått på Romerike Folkehøgskole gjekk vegen vidare til teaterhøgskulen.

Tre ungdommar har piknik

Kyrre Hellum (20) på tur til Barcelona med kjærasten og ei venninne. Foto: Privat

Minneverdig kidnapping

På stereoanlegget gjekk det i grunge-musikk som Nirvana, Pearl Jam og Alice In Chains.

Sjølve 20-årsdagen, 29. november 1993, har gått i gløymeboka, noko som kan skuldast skuggen frå 18-årsdagen to år tidlegare.

– Det som var tenkt som ei godlynt bursdagskidnapping, gjekk fullstendig ut av kontroll fordi dei innleigde kidnapparane tok si oppgåve altfor seriøst. For å seia det slik: Eg har aldri før eller sidan vore så sikker på at eg skulle døy som den kvelden eg låg forslått bak i ei kassevogn, minnest Hellum.

Gorilla på terrassen

Men også i Madrid vart Kyrre Hellum utsett for kreative peik, då romkameraten Pepe bestemte seg for å skremma sin nye sambuar.

– Eg var framleis ny i landet, i byen. Eg leigde rom hos Pepe og ein kveld sat vi i stova og såg på ein skrekkfilm på TV. Stova var det einaste rommet som var oppvarma i den store leilegheita. Pepe hadde snike seg ut av rommet, klatra ut av eit vindauga frå eit anna rom, gått over taket og ned på balkongen og brast inn i stova i eit gorillakostyme.

Den norske 20-åringen sat åleine i rommet etter at ein brasiliansk massør, nordmannens adelege svenske kompis (som drog ein Henrik IV), og Pepe sin bror, som akkurat hadde meldt seg ut av Jehovas vitne, var gått.

– Dette gorillakostyme var heilt totalt realistisk. Eg såg ein gorilla slå inn balkongdøra og koma gåande mot meg medan han brølte av full hals. Ein forventar jo ikkje at ein gorilla skal koma inn i ei stove frå ein balkong i fjerde etasje ein sein januarkveld i Madrid.

Potensial, men treng struktur

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Ein fyr med potensial, men han treng strukturera seg for at det skal bli til noko.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv?

– Bli flinkare med språket, bli ein endå betre lesar og lær deg å skriva godt.


T.v. Kari Bremnes (15) år. Foto: Privat. Høgre: pressefoto av Marie Sjøvold.