Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då artist og låtskrivar Kari Bremnes (66) var 20 år trudde ho at ho skulle bli skodespelar.

– Eg hugsar mest det eg ønska skulle skje: kome ut i verda, lese med ein skodespelar, kanskje søke Teaterhøgskolen, fortel ho på e-post til Framtida.no.

Frå ung alder var det skodespelardraumen ho bar på, og etter å ha flytta til Oslo i 1977, fekk ho høve til å lesa med ein skodespelar. Ho skulle gå inn i rolla Agnes i Ibsen-stykket «Brandt» og då fekk draumen ein knekk.

– Då eg byrja å lese med skodespelaren, følte eg at alt eg hadde inni meg, stod så langt unna det eg klarte å få ut. Eg hadde ein lang veg å gå, og eg orka ikkje å gå den vegen, sa ho i eit intervju med KK i 2022.

https://www.youtube.com/watch?v=-dTCR5B9Dr8

Pleiemedhjelpar, journalist og artist

I dag er ho ein folkekjær artist og låtskrivar, kjend for dei aller fleste. Men vegen dit har ikkje vore rett fram.

Ho jobba også som ufaglært pleiemedhjelpar på psykiatrisk avdeling ved Gaustad, og etter kvart som journalist i Nationen og så Aftenposten.

Det var ikkje før i 1994, då ho var 37 år gamal, at ho satsa fullt ut på musikken og sa opp den faste journalistjobben. Då hadde ho to år tidlegare fått vite at ho hadde kreft, og bestemte seg for å prioritere musikken.

I 1980 debuterte ho på plate med broren Ola Bremnes og har sidan 1987 gitt ut 17 album og ei rekke singlar som soloartist.

I tillegg har ho bidrege på ei rekke plater saman med brørne sine Lars og Ola, og andre artistar. Ho har vunne fleire prisar og har mellom anna fått Spellemannprisen tre gonger og i 2018 vart ho innlemma i Rockheim Hall of Fame.

Noko skodespel har det likevel blitt: I 2017 spelte ho journalist Harrieth Hansen i spelefilmen «Kings Bay» og i 2022 hadde ho rolla som hotelldirektør Polly i «Kampen om Narvik».

Dagmamma, lappen og ex.phil.: – Eg lengta først og fremst ut i verda

Tilbake då ho var 20 i 1976. Ho var nett ferdig med vidaregåande i Svolvær og budde heime eit år for å vere dagmamma for sine yngre tvillingsøsken.

– Eg lengta først og fremst ut i verda! Men dagane var fylte med praktiske ting i samband med to 3-åringar. Så las eg til ex.phil. for meg sjølv, tok førebuande hadde køyretimar og tok lappen.

På fritida brukte ho mykje tid på å lese: Torborg Nedreaas, Anaïs Nin, Aksel Sandemose, Bjørg Vik og Tove Ditlevsen.

– Og høyrde mykje på Joni Mitchell, Leonard Cohen, Bob Dylan.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Eg hadde fleire viktige, Elin, mi gode veninne frå første klasse. Og pappa var veldig viktig då.

– Eg tenkte at det skulle bli magisk!

20-årsdagen sin hugsar ho ikkje, men det sterkaste minnet frå då ho var 20 var lengselen etter at det «verkelege» livet skulle byrje:

– Vaksenlivet. Å flytte for meg sjølv, forsvinne i mengda i ein større by. Eg var ganske synleg, fordi eg var dotter av rektor på skulen.

Framtida tenkte ho stort om:

– Eg tenkte at det skulle bli magisk! At alle dører kunne opna seg, at eg skulle få mange nye, fantastisk spanande erfaringar, ein kjærast, at eg skulle bli mykje klokare og tryggare på meg sjølv, ikkje le så høgt og passe kjeften min litt meir.

– Jenter hadde ein idé om å ikkje ta så mykje plass på den tida, minnest ho.

– Dårleg idé.

Om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring trur ho dei hadde funne mykje å le av saman. Og skulle ho gitt eit råd til seg sjølv ville det vore dette:

Lær deg å spele betre gitar. Og kom til avtalar i tide! Og hald fram å sjå det komiske i allverdas situasjonar.


I 2003 hamna Gaute Ormåsen på andreplass i Idol. I 2022 kasta han maska som ein av ulvane i Subwoolfer. Foto: Thomas Bjørnflaten / SCANPIX, Rodrigo Freitas / NTB