Udir: Fleire jenter vel gutedominerte utdanningar
Fleire jenter vel utdanningar som tradisjonelt har hatt flest gutar: elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag. Færre søkjer helse- og oppvekstfag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Søkjartala til vidaregåande opplæring skuleåret 2023–2024 viser at 51 prosent av søkjarane no har yrkesfag som førsteønske.
Helse- og oppvekstfag er framleis det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med flest søkjarar, men etter fleire år med vekst, er det no færre søkjarar. Det er i år 1.700 færre søkjarar enn det var i 2020.
– Ungdom følgjer i stor grad tradisjonelle kjønnsmønster når dei søkjer vidaregåande opplæring. Dei siste åra ser vi likevel at fleire jenter vel fag som tradisjonelt har vore dominert av gutar, seier Irene Hilleren, avdelingsdirektør for statistikk og dataforvaltning i Utdanningsdirektoratet, i ei pressemelding.
I eit fleirtal av fylka har talet på søkjarar til yrkesfag auka dei siste åra, men i Oslo har utviklinga gått motsett veg. Her søkjer berre 25 prosent yrkesfag.