Hedvig (22) tenkjer i ord og lydar – ikkje i bilete

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile livet har Hedvig Sudland Rønning (22) hatt noko forskarar kallar afantasi, skriv Ung.Forskning.no.

– Eg kan ikkje få opp bilete i hovudet, sjølv om eg prøver, fortel ho til Ung.Forskning.no.

Når ho tenkjer på noko, er hovudet framleis blankt.

Ho har levd livet heilt som vanleg, og visste ikkje først at ho hadde afantasi.

Hedvig får ikkje opp bilete i hovudet når ho er vaken, men ho drøymer i bilete.

Lærarar må få vite om dette

Ung.Forskning.no har også snakka med Ylva Østby Berger som er nevropsykolog.

– Det vanlegaste er å veksla mellom ulike bilete. Kanskje ser du eit uklart eple, ei teikning av eit eple og eit eple med litt ulike fargar.

Ylva synest at det er på tide at lærarane får høyre om dette, så dei skjønar at det er fleire måtar å løysa oppgåver på.

– Afantasi viser oss at det er mange måtar å tenkja på. Me bør bli meir kjende med at folk er ulike både utanpå og inni, seier Østby Berge til Ung.Forskning.no.


Tyrkiske Rumeysa Gelgi (26) bruker høgda og rekordane til å spreie kunnskap om sjukdommen sin. Bileta er henta frå Instagram med løyve.