Rumeysa Gelgi (26) er verdas høgaste kvinne – brukar rekorden for å spreia kunnskap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur at noko negativt ofte kan bli snudd til noko positivt. Eg seier alltid til folk som strevar med å vera annleis at du bør vera medviten potensialet ditt, seier Rumeysa Gelgi (26) til The Guardian og legg til.

– Alltid tru på at du er unik, og at det er det unike som gjer deg spesiell.

Fem verdsrekordar

Allereie som 17-åring søkte Gelgi om å få Guinness verdsrekord som verdas høgaste tenåring.

Rumeysa Gelgi er no over 2 meter og 15 centimeter på strømpelesten. Sidan 2021 har ho hatt tittelen verdas høgaste nolevande kvinne.

I fjor fekk ho tre nye verdsrekordar: Verdas lengste fingrar for ei nolevande kvinne (11,2 centimeter), verdas største hender for ei nolevande kvinne (24-25 centimeter) og verdas lengste rygg for ei nolevande kvinne (59,9 centimeter).

Sjeldan tilstand

26 år gamle Rumeysa Gelgi frå Tyrkia har Weaver-syndrom, ein sjeldan tilstand som er kjenneteikna mellom anna ved overvekst og eit karakteristisk utsjånad.

Sjukdommen er svært sjeldan, men råkar tre gongar så mange kvinner som menn.

Gelgi håpar at hennar historie kan føra til meir forståing for tilstanden hennar, men òg at folk hugsar å vera snill med folk som er annleis.

Tilstanden forårsakar også mange helseproblem for 26-åringen, som har problem med musklar, ledd og ein bøygd ryggvirvel som gjer at ho har problem med å sitja oppreist meir enn to timar.

Mobbing og helseproblem

Ifølgje Gelgi var ho 172 centimeter høg allereie som seksåring. Ho gjekk på heimeskule på grunn av sjukdommen og følte seg som eit barn fanga i ein vaksen kropp.

– Eg brukte å bli mobba, og vert det framleis nokre gongar. Folk kjem med negative kommentarar på internett. Å vinna nokre Guiness verdsrekordar gjer at det ikkje følast så dårleg som det brukte, seier ei stolt Gelgi til The Guardian.


Bobi held rekorden som verdas eldste hund. Skjermdump frå YouTube @Guinness World Records