Hkeem blir teaterstjerne
Draumen om å stå på teaterscena blir verkeleg for Abdulhakim Hassane (25), òg kjend som Hkeem.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Det Norske Teatret i ei pressemelding.
Det heile starta med at kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza, såg Hassane som ein av deltakarane i Hver gang vi møtes.
I programmet fortalde rapparen at han alltid hadde drøymt om å spele teater.
Dagen etter tok ho kontakt med Hkeem, og no er teaterdraumen blitt realitet.
ABDUL ≈ HKEEM
Til våren står Hassane på Rommen scene i Groruddalen.
I stykket ABDUL ≈ HKEEM fortel rapparen om oppveksten på Stovner i Oslo. Hassane vil gå bak fasaden han har som artisten Hkeem, gjennom monologar, dialogar og eigne songar. Stykket går innom tema som å navigere mellom ulike kulturar, venner, einsemd, rasisme, kjærleikssorg og det å prøve å passe inn.
– Det skal handle om alt eg har opplevd. Livet mitt. Mamma, pappa. Eg er skodespelar og hovudperson, har Hkeem tidlegare uttalt til VG.
Premieren er 29. mars.