Aborttala aukar – tilbake til nivået før pandemien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2022 vart det utført 11 967 abortar, mot 10 875 i 2021, ein auke på rundt 10 prosent.

Det viser tal frå Abortregisteret, publisert av Folkehelseinstituttet (FHI).

Talet er på nivå før koronapandemien i 2019, då var talet 11 734.

Sidan befolkninga har auka må ein sjå på abortraten, talet på abortar per 1000 innbyggjarar i alderen 15 til 49 år – for å finne den reelle utviklinga. Dei fire siste åra har for første gong i historia raten vore under ti per 1000 kvinner, nærare bestemt 9,8 for dei som tok abort i alderen 15 til 49 år i 2022.

Svangerskapsavbrot etter tolvte veke må behandlast av ei nemnd. I 2022 vart det i alt utført 590 nemndbehandla abortar.


Illustrasjonsfoto: Sigmund on Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no