Over 4000 år gammal mumie funnen i Egypt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det dreier seg om leivningane etter ein mann som heitte Kekashepes. Funnet kan vere eit av dei eldste og mest fullstendige i Egypt nokosinne av ein person som ikkje var kongeleg, melder BBC.

Mumien er dekt av bladgull og vart oppdaga torsdag i ein 15 meter djup sjakt på gravstaden Saqqara sør for Kairo. Der er også tre andre graver funne.

Prest, «hemmeleg vaktar» og dommar

Ein av desse blir anteke å ha tilhøyrt ein mann som heitte Khnumdjedef. Han var prest, inspektør og tilsynsansvarleg for kongelege.

Ein annan mumie er leivningane av ein mann som heitte Meri. Han var ein høgtståande tenestemann for kongelege og hadde tittelen «hemmeleg vaktar» – noko som betydde at han kunne gjennomføre religiøse ritual.

Ein dommar som heitte Fetek, blir anteken å liggje i den siste grava, der arkeologane har avdekt det som kan vere ei samling beståande av dei største statuane som nokosinne er funne i området. Fleire andre gjenstandar, mellom anna keramikk, er også funne i gravene.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Dr. Zahi Hawass (@zahi_hawass)

Arkeolog Zahi Hawass, som tidlegare har vore Egypts kulturarvminister, seier at alle funna er daterte frå rundt det 25. til det 22. hundreåret før Kristus.

– Funnet er svært viktig sidan det knyter kongane til folket som budde rundt dei, seier Ali Abu Deshish, ein annan arkeolog som har vore med på utgravingane.

Saqqara var ein aktiv gravstad i over 3000 år og står på Unescos verdsarvliste. Staden ligg ved det som var Egypts gamle hovudstad Memfis, der det er fleire enn ti pyramidar.