Hemmeleg korridor oppdaga i Kheopspyramiden
Forskarane har funne ein ni meter lang, skjult korridor i Kheopspyramiden i Giza. Dei trur korridoren kan leie til nye funn i den over 4.600 år gamle pyramiden.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Egyptiske styresmakter kunngjorde nyheita torsdag.
Funnet vart gjort i samband med eit omfattande skannings-prosjekt av pyramidane, som har gått føre seg sidan 2015. Der blir moderne skanne-teknologi teken i bruk for å finkjemme innsidene av dei eldgamle byggverka.
Korridoren som no er funnen i Kheopspyramiden, er like bak hovudinngangen. Forskarane trur korridoren vart bygd for å avlaste vekt på anten hovudinngangen eller eit hittil uoppdaga rom.
Kheopspyramiden er den einaste gjenverande av dei sju underverka i verda frå oldtida.
Han skal ha teke 20 år å byggje, stod ferdig rundt år 2580 fvt. og er den største av dei tre store pyramidane i Giza like utanfor Kairo. Han blir anteke å ha vorte bygd som eit gravkammer for faraoen Khufu.
Den 146 meter høge pyramiden var det høgaste menneskeskapte byggverket i verda fram til det 330 meter høge Eiffeltårnet vart bygd i Paris i 1889.