Tusenvis råka av brann i flyktningleir
Det er ikkje meldt om dødsfall, men tusenvis sit no utan husrom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.
Ein flyktningleir for rohingyaar i Bangladesh har teke fyr, skriv NRK.
Balukhali-leiren gjekk opp i flammar på søndag. Flyktningar og hjelparar klarte å stoppa spreiinga. Brannen gjorde skade på over 2000 bustadar og fleire naudsynte bygningar som sjukehus og skular.
FN fortel at om lag 12 000 flyktningar har mista bustaden sin i brannen.
Leiren var heim for mange av dei over ein million som har flykta til Bangladesh frå Myanmar dei siste ti åra.
Rohingyaane er ei folkegruppe som har blitt utsett for forfølging og blir nekta statsborgarskap i heimlandet sitt. Sidan dei ikkje får statsborgarskap blir dei rekna som statslause og mange har blitt jaga ut av Myanmar.
- Les også: