Unge Høgre-politikarar uroa for kanselleringskultur – vil oppheve sensur av norsk klassikar

Romanen Albertine frå 1886 er framleis formelt beslaglagd, men blir lesen i skulen. Forskingsbibliotekar ser ikkje behovet for å oppheve det sovande forbodet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg meiner det er viktig at vi som opent, norsk demokrati står opp for ytringsfridomen vi er så stolte av. Det er urettferdig viss staten skal kontrollere kva som er lovleg og ikkje av informasjon til befolkninga.

Det seier Siri Heimdal Knudsen, fylkesleiar i Agder Unge Høgre på telefon til Framtida.no. Fylkeslaget ønska å løfte debatten om sensur ved å bruke romanen Albertine av Christian Krohg som døme.

Siri Heimdal Knudsen, fylkesleiar i Agder Unge Høgre. Foto: Privat

No har dei fått med seg heile Unge Høgre på å jobbe mot å få oppheva sensuren mot Albertine og andre beslaglagde verk. Knudsen blei inspirert til å løfte saka etter at ho hadde om Albertine i norsktimen på skulen og læraren fortalde at boka blei forboden.

– Eg fann ikkje noko om at det var oppheva.

136 år med sensur

Romanen frå 1886 av Christian Krohg vart beslaglagd på grunn av innhaldet. I boka skildrar Krohg samfunnet sitt forhold til prostitusjon.

Christian Kroghs Albertine kom ut på Huseby & Co måndag 20. desember 1886. Dagen etter blei romanen beslaglagd av politiet etter ordre frå Justisdepartementet.

– Han inneheldt blant anna ei scene der den prostituerte Albertine blir valdteken av politifullmektig Winther. Mange meinte å kjenne att overgriparen som politifullmektig Ove Mossin, forklarar forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Trond Haugen. 

Offentleg prostitusjon blei avskaffa året etter Albertine kom ut.

Måleriet «Albertine i politilægens venteværelse» av Christian Krohg. Fotolisens: Fri bruk (Creative Commons – Attribution CC-BY)

136 år seinare er beslaglegginga av romanen framleis ikkje formelt oppheva.

Romanen har likevel vore gjeven ut utan at staten har gripe inn sidan etter den første verdskrigen.

Siri Heimdal Knudsen i Agder Unge Høgre kan forstå om nokon synest det verkar unødvendig å gjere meir med saka.

– Det er først og fremst ei prinsipiell sak. Sjølvsagt skal ikkje det norske samfunnet på papiret seie kva som skal vere lov og ikkje å lese i dag, seier ho.

– Vi ser land rundt oss, som til dømes Russland, der informasjonen er avgrensa, legg ho til.

Parallellar til vår tid

Landsstyret til Unge Høgre har stilt seg bak Agder-politikarane sitt forslag om å oppheve sensuren av romanen Albertine.

Dei trekker fram at eit av måla til Krohg var å setje problem under debatt og kaste lys på den urettferdige situasjonen til kvinner.

«Sensur av upopulære meninger var det siste som hørte hjemme i samfunnet på 1800-tallet, men ikke minst i dag. Også i vår tid er det mange debatter hvor man stiller spørsmål ved hva og hvor borgere kan ytre sine meninger», skriv dei i vedtaket.

– Vi tenker det er mykje som er likt den dag i dag. Ein ser fenomenet med kanselleringskultur, der upopulære haldningar blir fryst ut.

Johannes Strømberg. Organisatorisk nestleiar i Agder Unge Høgre. Foto: Privat

Johannes Strømberg, organisatorisk nestleiar i Agder Unge Høgre, meiner at debatten både då Albertine kom ut og i dag er prega av at enkeltpersonar vil forby enkelte haldningar.

– Det er vi redde for, at vi skal gå den retninga med ein einsretta stat, som Kina, som styrer kva ein kan meine. Det skal vere rom for ulike haldningar, slår Strømberg fast.

Av konkrete saker frå dagens samfunn, trekker han fram diskusjonar om sensur i samband med bibel- og koranbrenning, Andrew Tate-debatten og publikasjonane av Mohammed-karikaturane av redaktør Vebjørn Selbekk.

Reelt sett oppheva

Forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Trond Haugen fortel at Albertine i realiteten er lovleg i dag.

I ei lita bok om Albertine frå 1926 skreiv Arthur Thuesen at boka er frigitt, om ikkje formelt, så i alle fall reelt. Han var den fremste eksperten på beslaglagde og forbodne bøker i Noreg.

– I røynda vart boka frigjeven allereie på 1920-talet, ettersom salet av boka ikkje blei straffa då, og ikkje blir straffa i dag, konstaterer Haugen.

Utdrag frå boka til Arthur Thuesen. Foto: Nasjonalbiblioteket

At beslaglegginga ikkje formelt er trekt tilbake av styresmaktene, spelar ifølgje Haugen ikkje noka rolle, då det ikkje er noko reelt forbod mot romanen i dag.

– I dag les elevar boka på skulen, og det er ikkje noko politi som kjem og bankar på av den grunn, seier han på telefon til Framtida.no.

Han peikar i tillegg på at lovparagrafen som Albertine og Krohg blei dømt etter, er endra eller borte i dag, og at det sånn sett kan verke absurd at det skal vere behov for ei formell frikjenning av boka.

Gullalderen

Forskingsbibliotekaren forklarar at det var ein kort periode i 1880-åra at Justisdepartementet og politistyresmaktene var spesielt opptekne av forbod mot bøker. Det starta med Fra Kristiania-Bohêmen av Hans Jæger i 1885. I tillegg til at boka blei beslaglagt, blei Jæger dømt til bøter og fengsel.

– Ein plar seie at det på 1880-talet var ei bølgje, eller gullalderen for beslaglegging. Det er eit paradoks på mange måtar, for det var etter at parlamentarismen var innført i Noreg.

I tillegg til Albertine, var det ein del såkalla folkelesing eller folkelitteratur som blei beslaglagt.

– Det er umoral og prostitusjon det går i, men kanskje særleg at det rammar embetsmenn og peikar på dobbeltmoral, fortel han om innhaldet i litteraturen som blei beslaglagt på denne tida.

Verdens Gang om «Albertine»-rettssaka 19. oktober 1887. Foto: Nasjonalbiblioteket

Det roa seg på 1890-talet, fram til det kom ei ny bølgje med sensur på 1930-talet.

– Så hadde vi ei andre bølgje av moraliserande debatt knytt til skjønnlitteraturen, men då var det ikkje så mange direkte forbod.

Vidare kom det ei tredje bølgje på 1950-talet med Agnar Mykle sin roman Sangen om den røde rubin, som enda med forbodet mot Jens Bjørnebo si bok Uten en tråd.

– Kjenner du til bøker som er reelt forbodne i Noreg i dag? 

– Nei, eg veit ikkje om nokon som er forbodne ut ifrå seksualskildringsmoral.

– Ein god start

– Er å oppheve det formelle forbodet mot «Albertine» den mest effektive måten å løfte temaet sensur?

– Eg trur det sender eit ganske sterkt signal når vi er villige til å gå tilbake i tid og ta ein kamp mot dei som har meint noko før oss. Så eg trur det er ein god start å oppheve denne beslaglegginga, svarar Siri Heimdal Knudsen i Agder Unge Høgre.

Ho legg til at vi sjølvsagt må gjere meir enn det, og at ungdommar må stå opp for den samfunnsdebatten dei vil ha.

Johannes Strømberg skyt inn at vi no ser land på land stramme inn på ytringsfridomen og freiste å sensurere folks meiningar.

– Vi meiner at Noreg ved å oppheve forbodet mot Albertine sender eit tydelig signal om at ytringsfridomen her i landet står sterkt, og at ein med det spissar bodskapet om at ein tar til motmæle mot autoritære regime. Dette er også noko Justisdepartementet enkelt kan gjere.

No vil Unge Høgre jobbe vidare mot Høgre og andre parti for å ta forslaget vidare.

Justisdepartementet: Vil ikkje ha betydning

I januar tok styreleiar i Norsk Pen, Kjersti Løken Stavrum, til orde for å oppheve beslaget av Christian Krohgs Albertine i ein artikkel i Subjekt. I ein leiarartikkel skriv Subjekt òg at det er på tide å sleppe romanen fri, og peikar på at det sender eit uheldig signal til alle som les Albertine i skulen at staten ikkje har beklaga beslaglegginga.

Til Framtida.no seier Justisdepartementet at det er ei så gamal sak at dei ikkje har dokumenta liggjande i arkiva sine, slik at dei kan sjekke status og kva lovheimlar som blei brukt i 1886-1887.

– Ein har ikkje grunnlag for å seia at boka er «forbydd», sidan det ikkje er aktuelt å handheva eit slik vedtak i dag, uttalar Justis- og beredskapsdepartementet til Framtida.no via kommunikasjonsrådgjevar Merete Romestrand.

– Ein kan òg stille spørsmål om kva heimel noko slik skulle byggjast på, då opphevinga ikkje vil ha betydning for nokon sine rettar eller plikter (jf. Forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b). Eit slik vedtak har jo òg rettshistorisk interesse, legg departementet til.


Illustrasjonsfoto: Gift Habeshaw. Kollasj: Framtida.no