Ny rapport: Unge er mest uroa for å bli råka av kriser

45 % i alderen 18–29 er «ganske» eller «veldig» uroa for at dei sjølv eller andre nære kan bli råka av store hendingar eller kriser, viser undersøking.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser ei auke i antal som er bekymra for krigshandlingar på norsk jord, forsyningskrise og langvarig straumbrot, seier Elisabeth Aarsæther til VG.

Ho er direktør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som i dag lanserte si årlege befolkningsundersøking om eigenberedskapen i norske hushald.

Unge meir uroa

Undersøkinga vart gjennomført av Ipsos blant 1001 deltakarar i veke 50 og 51 i 2022. Svara tydar på at særleg unge er uroa for å verta råka av store kriser.

Uroa for at ein sjølv eller nokon av dei næraste kan bli direkte råka av ei større hending/krise. Del av total som svarar «ganske bekymra» eller «veldig bekymra»:  

TRYKK PÅ BILETET SÅ VERT DET STØRRE.

 

 

Flest uroar seg for cyberåtak, etterfølgt av terror, atomulukke og langvarig straumbrot.

Aarsæther fortel vidare at DSB opplevde at fleire oppsøkte nettstaden sikkerhverdag.no i kjølvatnet av angrepet på Ukraina for eitt år sidan.

– Fleire enn før lagrar mat og vatn. I undersøkinga seier også tre av ti at dei har styrkt sin eigenberedskap dei siste to åra, seier DSB-direktøren til VG.


Les også: Har du alt som trengst i ditt eige beredskapslager?

Foto: DSB