Hundar som et menneskemat har det betre

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior.

Ei gruppe finske forskarar har undersøkt kva effekt menneskemat har på magane til menneskets beste ven.

Dei spurde sju tusen hundeeigarar om hundane sine matvanar og helsa. I undersøkinga fann dei ut at hundar som får ete rå mat og matrestar har mindre problem i magen når dei blir eldre, skriv Smithsonian Magazine.

– Det me ser er at eit variert kosthald er nøkkelen til god helse for hundar, akkurat som for menneske, fortel Anna Hjelm-Björkman. Ho er ein av dyrelegane som var med på prosjektet.

Det er greitt å gje hunden ein smakebit frå middagen, men pass på kva som er i maten. Foto: Omerlavon / Pixabay

Ikkje nok med tørrfôr

I studien fann dei ut at ein hund som berre et hundematen ein får kjøpt på butikken ofte ikkje får i seg all næringa dei treng.

Det er altså ikkje så gale å snika ein matbit til hunden medan ein sit rundt middagsbordet.

Ein må likevel passa på å ikkje gje dei noko dei ikkje toler. Godteri, lauk, krydder og druer er blant tinga hundar aldri må få i seg.

Bobi (30) kåra til den eldste hunden i historia