Bobi (30) kåra til den eldste hunden i historia

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bobi er ein reinrasa Rafeiro do Alentejo, ein portugisisk hunderase med gjennomsnittleg levetid på mellom 12 og 14 menneskeår, skriv BBC.

Fredag er han 30 år og 228 dagar gammal.

Alderen er verifisert av kjæledyrdatabasen til den portugisiske regjeringa, som blir driven av veterinærforeininga i landet, ifølgje Guinness. Den førre rekordinnehavaren var Bluey, ein australsk stumphalt kveghund, som døydde i 1939, 29 år og fem månader gammal.

Skulle eigentleg avlivast

Bobi har levd heile livet med familien Costa i landsbyen Conqueiros ved den portugisiske vestkysten. Han var del av eit kvalpekull på fire. Ifølgje Leonel Costa, som då var åtte år gammal, hadde foreldra for mange kjæledyr, og det vart vedteke av kvalpane skulle avlivast. Men Bobi slapp unna.

Leonel og brørne heldt det deretter hemmeleg at Bobi framleis levde, fram til foreldra fann det ut. Då vart han ein del av familien, som har gitt han same mat som dei sjølv har ete.

– Om det står mellom ein boks med dyremat eller eit kjøttstykke, nøler ikkje Bobi. Han vel maten vår, seier Costa, som alltid bløyter maten for å fjerne det meste av krydderet, til BBC.

Bobis liv har, med unntak av eit lite sjukehusopphald i 2018, stort sett vore problemfritt, ifølgje Costa.


Foto: Sinogene Biotechnology Co.