Gonoré spreidde seg kraftig i 2022 – held fram i 2023

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gonoré-smitten auka mykje dei siste ti åra før pandemien, særleg blant menn som har sex med menn.

Koronaen sette ein effektiv brems på spreiinga, men i 2022 byrja sjukdommen å spreie seg igjen i takt med gjenopninga av studiestadene. Då var det særleg unge heteroseksuelle som vart smitta.

– Gonoré er svært smittsamt. No må vi få dei unge til å bruke kondom, seier seniorrådgivar Øivind Nilsen hos Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

Dei fleste som vart melde smitta i 2022, var i aldersgruppa 20–29 år. Nesten 500 kvinner vart melde smitta i fjor, viser tal frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS). Det er nesten tidobling dei siste ti åra.

Utviklinga fortset i 2023 med 277 nye tilfelle meldt berre i januar, 116 blant kvinner. Viss denne utviklinga held fram, ligg det an til meir enn 3.000 gonorétilfelle i 2023, ifølgje FHI.


TA QUIZEN: Er du ein sexpert?

Illustrasjonsfoto: Charlesdeluvio/Unsplash.com