Spania går inn for at 16-åringar kan endre juridisk kjønn

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag førre veke stemte det spanske senatet for ei ny lov som skal gjere det enklare å endre juridisk kjønn.

Lovforslaget har allereie fått fleirtal i underhuset i den spanske kongressen.

Senatet har endra noko av språket, så forslaget må tilbake til underhuset for å bli godkjent på nytt, men sidan det ikkje er store endringar er det venta å få medhald.

Enklare for yngre å endre kjønn og namn

Akkurat no må transpersonar over 18 år ha den medisinske diagnosen «kjønnsdysfori» og ha gått på hormonbehandling i to år før dei kan endre juridisk kjønn i Spania. Dersom personen er under 18 år må dei i tillegg få det godkjent frå ein domstol.

Med den nye lova kan personar ned til 16 år stadfeste at dei vil endre juridisk kjønn etter ei tre månader lang ventetid, utan diagnose eller medisinsk behandling.

Barn frå 14 år kan også endre kjønn og namn med foreldra sitt samtykke. Er dei 12 eller 13 år må dei få det godkjent frå ein domstol.

Lovforslaget forbyr også konverteringsterapi, og fremjar betre inkludering for LHBT+-personar på arbeidsplassar.


Storbritannias statsminister Rishi Sunak fotografert på toget mot Blackpool i november 2022. Foto: Simon Dawson / No 10 Downing Street