Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tru det eller ei – men i år er det 20 år sidan «Harry Potter og de vises stein» til stor begeistring vart vist på det store kinolerretet rundt om i verda.

Den første filmen av totalt åtte, «De vises stein», introduserte barn over heile verda til magiske Galtvort.

Daniel Radcliffe, Emma Watson og Rupert Grint hadde rollene som Harry, Hermine og Ronny. Dei var 12, 11 og 13 år gamle då den første filmen kom ut – og var blitt ti år eldre då den siste filmen kom ut.

For å feira ei av verdas beste historier tek me ein titt på nokre magiske fakta frå filmane!

Her er tjue fakta du kanskje ikkje visste om Harry Potter:

1: I løpet av filminga gjekk Daniel Radcliffe, som hadde hovudrolla, gjennom om lag 160 brillepar og om lag 70 tryllestavar.

2: Sminkørane som jobba med Harry Potter-filmane måtte laga det legendariske arret i panna til Daniel Radcliffe om lag 5800 gonger.

3: Ifølgje BBC er professor Slur basert på J.K. Rowling sin eigen kjemilærar.

4: Salet frå bøkene, samt inntekter frå filmane og frå produkt knytt til dei, har gjort forfattar J.K. Rowling til den 620. rikaste personen i verda. Det gjer ho rikare enn dronning Elizabeth!

5: J.K. Rowling bestemte at det berre kunne vera britiske og irske skodespelarar i filmane. Eigentleg var det Liam Aiken som hadde fått hovudrolla, men sidan han ikkje var britisk, fekk han sparken.

6: Det er berre 14 skodespelarar som dukkar opp i alle dei åtte Potter-filmane. Dei er:

  • Daniel Radcliffe (Harry Potter)
  • Rupert Grint (Ronny Wiltersen)
  • Emma Watson (Hermine Grang)
  • Robbie Coltrane (Gygrid)
  • Alan Rickman (Professor Slur)
  • Tom Felton (Draco Malfang)
  • Matthew Lewis (Nilus Langballe)
  • Devon Murray (Jokum Finnimann)
  • James og Oliver Phelps (Fred og Frank Wiltersen)
  • Josh Herdman (Gurgel)
  • Warwick Davis (Professor Pirrevimp)
  • Geraldine Somerville (Lilly Potter)

7: Produksjonsteamet skreiv kvart brev som vart sendt til Harry for hand. Etter at den første pakken viste seg å vera for tung for ugler å bera, skreiv dei om att kvart einaste brev. Det skal også nemnast at det tok seks månader å læra uglene å bera posten.

8: Harry brukte ikkje ein einaste tryllerformel i den første filmen.

9: Familien Wiltersen sin flygande bil, som var brukt i «Harry Potter og Mysteriekammeret», vart seinare kjøpt av den tidlegare One Direction-stjerna Liam Payne.

10: Totalt var meir enn 250 forskjellige dyr med i dei åtte Potter-filmane. Ifølgje Julie Tottaman, som var trenar for dyra i filmane, var uglene vanskelegast å trena.

11: På slutten av «Harry Potter og Ildbegeret» står det at «ingen drakar vart skadde då denne filmen vart laga».

12: Det var tre forskjellige ugler som spelte ugla til Harry, som heitte Hedvig.

13: J.K. Rowling fann opp namna på dei ulike husa på Galtvort då ho var ute på reise. Ho skreiv dei ned på ein spypose – for du veit aldri når inspirasjonen kan dukka opp!

14: Før den tredje filmen måtte dei tre hovudrolleinnehavarane Daniel Radcliffe, Emma Watson og Rupert Grint skriva ein stil om rollekarakteren sin. Det dei leverte, stod veldig i stil med karakterane deira i filmen. Radcliffe leverte éi side, Watson ti sider og Grint leverte ingenting.

15: Shirley Henderson, som spelte Stønne-Stine, var 36 år gamal då ho fekk rolla. Stønne-Stina er gjenferdet av ei 16 år gamal jente.

16: Daniel Radcliffe, som spelte Harry, var meint å ha grøne kontaktlinser på seg i filmane. Sidan han reagerte veldig på linsene, var det ikkje mogleg å bruka dei, og han har derfor sine eigne blå auge i filmane.

17: Emma Watson skulle eigentleg bruka falske tenner i filmane. Ho sleit med å snakka med dei i munnen, og derfor vart laustennene droppa.

18: Scena som gjekk føre seg på plattform 9 3/4 vart ikkje spelt inn mellom platform 9 og 10 på Kings Cross. Derimot var ho spelt inn mellom platform 3 og 4.

19: Arthur Wiltersen, faren til Ronny, skulle eigentleg dø i «Harry Potter og føniksordenen». Men i staden for å drepa han, var det heller Lupus og Nymfadora Dult som vart drepne i det store slaget på skulen.

20: Russiske advokatar ville saksøka produksjonsselskapet, fordi dei meinte husnissen Noldus likna for mykje på Vladimir Putin. Ser du likskapen?

Kjelde: Dagbladet, Wikipedia, BBC, denofgeek.com, popbuzz.com, mentalfloss.com, insider.com