NRK-serien «Ål inn» følgjer hørselshemma folkehøgskuleelevar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I «Ål inn» møte vi mange fine ungdommar og lærarar som har både like og ulike utfordringar som det høyrande ungdom har. Vi er glade for at NRK no kan vise til eit større publikum korleis det er å gå på ein folkehøgskule med teiknspråk, seier prosjektredaktør i NRK, Truels Zeiner-Henriksen, i ei pressemelding.

Tett på heile året

I serien følgjer vi nokre av elevane og lærarane ved Ål folkehøgskule gjennom eit skuleår. Frå den første spente starten i august til den tårevåte avslutninga i mai. Frå bli-kjent-hytteturen til skuleturen til Island. Frå bollebaking til forelsking. Via internatliv, krangel og kvardagar. Heile tida tett på hovudpersonane.

Dei fleste ved skulen er døve, men kvart år er det også nokre høyrande elevar som aldri har brukt teiknspråk tidlegare. Vi får oppleve samhaldet elevane skapar, og ser samtidig både bakover og framover på utanforskapen mange døve kjenner i storsamfunnet.

På Ål folkehøgskule brukar alle teiknspråk. Tysdag 14. februar har dokumentarserien «Ål inn», der vi føljer elevane gjennom eit skuleår, premiere i NRK TV.

Produksjonsselskapet Supervisuell var tilstades under førpremieren på Ål folkehøyskole 27. januar:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ål folkehøyskole (@aalfhs)