11 ting du ikkje visste om The Office

I dag er det 20 år sidan me blei kjende med den rare gjengen på kontoret i Scranton. Her er elleve ting du (truleg) ikkje visste om serien.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

I juli 2001 kom den første episoden av mockumentary-serien The Office i Storbritannia.

24. mars 2005 kom den første amerikanske versjonen, om papirbedrifta Dunder Mifflin i småbyen Scranton.

Det er altså 20 år sidan Michael Scott og Jim Halpert for første gong møtte oss frå kontoret og Michael viste korleis han på utruleg vis var blitt regional manager.

Me tar oss difor ein tur ned «memory lane» og ser på nokre ting du kanskje ikkje visste om The Office US-versjonen.

1. Kva som stod på kortet som fekk Pam til å gråte

I jule-episoden i sesong 2 gir Jim ei tekanne med nokre små personlege ting oppi og eit kort på undersida av kanna i Secret Santa-gåve til Pam. Jim var forelska i Pam, og då kanna blir gitt vidare til nokon andre, rekk Jim å ta bort kortet og meir ser me ikkje til kortet før i siste sesong.

I sesong 9 ser me karakteren Pam bli filma medan ho les det, og græt.

Heilt fram til 2020 har det vore uvisst kva som stod i kortet.

I podkasten «Office Ladies» avslørte skodespelaren som speler Pam, Jenna Fischer, at kortet var eit ektefølt kort skrive frå skodespelaren bak Jim, John Krasinski, til Fischer. Han samanfatta opplevinga av å spela saman i serien i alle åra. Dette var ein av dei siste episodane etter ni sesongar saman på skjermen. Reaksjonen til Fischer var heilt ekte, og ifølgje henne gråt ho så mykje at det første opptaket truleg var ubrukeleg. Akkurat nøyaktig kva som stod i kortet, avslørte ho likevel ikkje.

2. Serien kunne ha enda opp utan Steve Carell– og Seth Rogen og Adam Scott kunne ha vore med i serien

Skodespelarar som først vart vurderte for rolla som Michael Scott inkluderte Paul Giamatti og Martin Short, men til slutt vart tilbodet gitt til Steve Carell. Då takka han først nei, fordi han allereie hadde ein kontrakt til ein annan serie.

Som følgje av dette vart Bob Odenkirk – kjend frå Breaking Bad og Better Call Saul – casta som Michael Scott. Men Carell sin andre serie vart snart avlyst, og han fekk dermed sjansen til å ta på seg rolla som han gjorde til si.

Det var også fleire kjende skodespelarar som prøvde seg på fleire av dei andre rollene, men som ikkje fekk dei. Adam Scott har innrømt i eit intervju at han gjorde ein dårleg audition for Jim Halpert – rett før han fekk rolla i Parks and Recreation.

Seth Rogen prøvde på rolla som Dwight Schrute, og auditionen hans kan framleis sjåast på nett. Til slutt gjekk rolla til Rainn Wilson, som har udøydeleggjort karakteren.

3. Karakteren Meredith blei casta på nytt utan at me merka det

Dei fleste fans trur kanskje at Kate Flannery var ein del av The Office-besetninga heilt frå starten, men det stemmer ikkje. I den aller første episoden av serien var karakteren Meredith Palmer med, men det var Henriette Mantel, ikkje Flannery, som spelte henne.

Mantel var berre i bakgrunnen i pilotepisoden og hadde inga stor rolle. Etter piloten vart Meredith spelt av ein ny skodespelar, og karakteren fekk deretter ei større og meir markant rolle.

4. Det var Stamford-versjonar av Jim og Pam

I løpet av seriens ni sesonger må karakteren Jim flytta til byen Stamford for å stige i gradane innanfor kjeda.

I episode 33 av Office Ladies-podkasten fortel Fischer om Stamford-versjonane av Jim og Pam i sesong 3. Det originale paret vart splitta opp, men ser ein nærare etter i bakgrunnen av Jim i Stamford, ser me ein «Stamford-Jim» som heng saman med «Stamford-Pam» i resepsjonen.

Jenna Fischer stadfesta at dette ikkje var ein fan-teori eller -overtolking, men at Randall Einhorn, regissøren av episoden, medvite plasserte to skodespelarar som skulle etterlikna hovudparet, slik at fansen alltid ville ha dei i tankane.

Jim Halpert med Stamford-Jim som pratar med Stamford-Pam i resepsjonen i bakgrunnen. Foto: NBC

5. Settet til The Office måtte ha ein heilt konkret temperatur

Mange skodespelarar har spesifikke krav på settet, men Steve Carell hadde eit litt uvanleg krav: Temperaturen måtte alltid vera 64 grader fahrenheit (17,8 grader celsius).

Ifølge Rainn Wilson (Dwight), som delte dette i boka si The Bassoon King, var grunnen enkel: Carell sveitta for mykje dersom det var varmare.

6. John Krasinski filma opningsscenane

Produsentane valde Scranton som setting for The Office fordi byen ligg nær hovudkontoret i New York – og fordi namnet er morosamt å seia.

I eit intervju fortalde skodespelar John Krasinski, som speler Jim Halpert at: «Hovudet mitt eksploderte» då Greg Daniels (skaparen av serien) gav han filme-jobben.

John Krasinski besøkte Scranton i februar 2004 saman med ein videograf for å gjera research og dei filma opptak av Penn Paper-tårnet og andre landemerke i byen.

Desse klippa vart seinare brukt i den ikoniske opningssekvensen. Sjølve serien vart filma i California, men produsentane la i dei ni sesongane stor vekt på å representera Scranton sin kultur og lokalsamfunnet med ekte restaurantar og bedrifter.

7. Skodespelarane bestemte kva opningslåten skulle vera

Serieskapar Greg Daniels gav skodespelarane fire forskjellige versjonar av opningsmelodien og lét dei stemme på vinnaren. Vinnaren kom frå ein demo av komponist Jay Ferguson, som deretter vart reinnspelt av musikaren Bob Thiele Jr. og eit band som seinare fekk namnet The Scrantones. Bandet dukka faktisk opp i episoden The Booze Cruise.

I 2015 avslørte Rainn Wilson (Dwight) at fleire kjende songar var vurderte som opningslåt, inkludert Better Things av The Kinks og Float On av Modest Mouse.

Men songen som skodespelarane eigentleg ville ha, var «Mr. Blue Sky» av Electric Light Orchestra. Desse planane vart skrota då produksjonen oppdaga at han allereie var brukt som temamusikk til den kortliva Heather Locklear-komedien LAX.

8. Steve Carell improviserte kysset med Oscar

I serien er det mykje improvisasjon gjennom sesongane. Ein av desse er i sesong 3 i episoden «Gay Witch Hunt».

I manuset stod det berre at karakteren Michael skulle gi Oscar ein klem.

Oscar Nunez (som speler Oscar) har fortalt at dei eigentleg berre skulle klemme og at Carell følgde instruksen, heilt til denne takinga.

– Han kom veldig nært og eg tenkte «Kva er planen hans no?» før han skjønte kva som var i ferd med å skje.

9. Førstehjelpsepisoden har redda liv

I episoden «Stress Relief» i sesong 5, arrangerer Michael ei førstehjelpstrening for dei tilsette. Det er tvilsamt om nokre av dei tilsette lærte noko, men publikum som såg på gjorde det. I episoden vert det sagt at brystkompresjonar bør gjerast i same takt som Bee Gees sin låt «Stayin’ Alive».

Ifølge ein fan av showet var det dette som hjelpte han då han då han skulle utføra hjarte-lunge-redning på ei dame. Etter eit minutt med hjarte-lunge-redning vart ho medviten igjen, og køyrt til sjukehuset.

10. Du kan søke på alle typar følelsar og få blikk i kamera frå serien

Ein av dei mest ikoniske tinga med serien er når karakterane bryt «den fjerde veggen» og ser rett i kamera. Særleg Jim-karakteren gjer dette mykje, men også dei andre.

Som mange av dei andre scenane frå serien er også dette blitt ein klassikar innanfor meme– og gif-verda. Så mykje at det til og med er blitt laga ei fanside der du kan bla gjennom meir enn 800 følelsar, som kjedeleg, trist, sint, einsam – og deretter sjå eit klipp med ein Office-karakter som speler ut kjensla, utelukkande med eit blikk i kamera.

11. Ikonisk scene var ikkje improvisasjon

Du trudde kanskje denne scenen (dette er også den der alle byrjar å danse til Stayin’ alive rett før) var improvisert – men dette er faktisk heilt etter manus, ifølgje podkasten «Office Ladies».

Manusforfattar Jen Celotta fekk ideen til den ikoniske scena då ho høyrde at hjartekompresjon burde gjerast i takt med Bee Gees-låta Stayin’ Alive, og dobbeltsjekka at det var trygt å vise på TV. Episoden blei dyr å laga – dei brukte tre HLR-dokker til 750 dollar stykket, og ein falsk katt som kosta heile 12 000 dollar. Den kaotiske scena, som mange trudde var improvisert, var i røynda besetninga som følgde manuset til punkt og prikke. Og Jenna Fischer stadfestar i podkasten av karakteren Dwight skar av ansiktet på dukka på ekte.