Influensardramaet «Selina» til internasjonal konkurranse

Nesten 300.000 sjåarar har sett første episode av «Rekviem for Selina» etter premieren på NRK laurdag kveld. Neste veke skal han konkurrere i Frankrike.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det er ein knallstart for ein heilt ny dramaserie! Me er veldig stolte av «Rekviem for Selina», seier redaksjonssjef for drama i NRK, Marianne Furevold-Boland.

Ho beskriv influensarserien, inspirert av Sophie Elise – som også har vore manuskonsulent, som «ein god og underhaldande serie som vi trur endå fleire vil omfamna i tida som kjem».

NRK la ifølgje Kampanje også ut alle seks episodane i strøymetenesta si NRK TV laurdag.

Fleire tungvektarar på rollelista

Serieskapar for «Rekviem for Selina» er Emiline Berglund, som også står bak serien «Hjarteslag». På rollelista står Elli Müller Osbourne, Pål Sverre Hagen, Jon Øigarden og Marit Andreassen.

Neste veke skal «Rekviem for Selina» konkurrera i International Panorama-kategorien under Series Mania i franske Lille. Dit kjem bransjeaktørar frå heile verda for å sjå og kjøpa inn nye seriar.

Berre eit fåtal produksjonar blir valde ut – og «Rekviem for Selina» er blant dei ti som kom gjennom nålauget i kategorien sin.

– Vi er utruleg stolte over at «Rekviem for Selina» har vorte valt ut til ein så prestisjefylt konkurranse, der han måler krefter vid det aller beste innan internasjonalt drama, sa Furevold-Boland då det vart kjent.

Den første rosabloggaren i verda

Serien tek i dramaform for seg den første rosabloggaren i verda, Selina, som går frå å vera ein outsider som skriv dagbok på internett, til å bli «det farlegaste førebiletet i landet».

Sophie Elise Isachsen var ein av fleire skandinaviske influensarar som produksjonsselskapet Anti kontakta i arbeidet.

Laurdag skal Sophie Elise ha svima av under eit premierearrangevint i Sofienberg kyrkje, melde TV 2 søndag.

– Eg er ikkje spesielt sensitiv, men då vi såg episode to, svima eg av, opplyste Isachsen.