Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 21.11.2022 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tematisk er eg open for det meste, men blir fort trekt mot bøker som går i dialog med dei politiske omstenda i tida dei er skrivne i.

Kva Priya Bains helst les, kjem an på humøret. Er forfattaren ute etter ei flukt frå røynda, er det lange, innfløkte romanar som freistar mest. Bains les gjerne essay om ho vil ha perspektiv på noko av det som føregår rundt oss. Poesi les ho derimot når som helst.

– Og det er vel sjangeren eg held høgast.

Omslag: Forlaget Oktober.

Prislønt poet

Det er kanskje ikkje så rart at poesien tronar øvst, for Priya Bains debuterte sjølv med diktsamlinga Med restene av mine hender i 2021.

Diktsamlinga hausta mange lovord. Bains blei mellom anna nominert til Tarjei Vesaas’ Debutantpris, fekk festspeldiktarane sitt stipend under Dei litterære festspela og fekk Olav H. Hauge-stipendet i 2022.

Vi har tatt ein titt i bokhylla til poeten!

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Ei obskur og ikkje påbyrja sosialantropologisk utgreiing kalla Dialogues with The Dead av Piers Vitebsky, Johannes Anyuru si essaysamling Strömavbrottets barn, romanen En vakker dag av Soudabeh Alishahi og det politiske memoaret Gutten på stranden av Tima Kurdi. Det er ein slags «vil lese før jul»-bunke ispedd noko jobb.

Omslag: Marion Boyars Publishers Ltd / Samlaget / Albert Bonniers Forlag / Pax forlag

Kor les du?

Forfattar Priya Bains. Foto: Baard Henriksen

– I senga, ved skrivebordet, på biblioteket, universitetet, banen og diverse benkar rundt omkring i Oslo. Og på ferie. Overalt, med andre ord. Helst i sola, om eg får velje.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Kan ikkje hugse å ha blitt lese for? Men eg var ein racer på Leseløve-bøker!

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Anna enn Twilight, må det vere bøkene til Jostein Gaarder, sjølv om det kanskje strengt tatt var litt før tenåra. Las The Bell Jar av Sylvia Plath på vidaregåande, den gjorde også veldig inntrykk.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Tullespørsmål! Hadde eg skive ei bok som eigentleg er skrive av nokon andre, så hadde eg jo vore nokon andre. Med fare for å vere vrang, må eg melde at så kontrafaktisk klarar eg ikkje tenkje om meg sjølv. Men eg vonar jo at eg får skrive denne andreboka som ligg ein stad inni bevisstheita og slumrar.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Kanskje ei kjensle av viktigheit og nærvær. At teksta tar seg sjølv på alvor, liksom. Det betyr ikkje at den må vere alvorleg, men det må kjennast som om det er på ekte

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Som barn kjente eg meg veldig igjen i Roald Dahls Matilda, kan eg hugse. I dag er vel alle gode leseopplevingar prega av ei viss grad av attkjenning, og samstundes blanda med ein tilgang til noko nytt eller framand. Eg kan med andre ord kjenne meg igjen i mange – sjølv når vi ikkje nødvendigvis liknar. 

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Her trur eg at eg køyrer safe og svarar mi gode venninne Svanhild Amdal Telnes, fordi det alltid er hyggeleg og lattermildt når vi heng. 

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Dette er jo umogleg, men eg tenker nesten at det måtte ha blitt eit av dei religiøse verka, fordi dei er så lange og mangfaldige, og dei har betydd så mykje for mennesket si utvikling.


Les også: Fire bøker du bør lese av nobelprisvinnaren Annie Ernaux

Stillbilete frå filmatiseringa av Hendelsen: Another World Entertainment. Omslag: Gyldendal

Fakta

Namn: Priya Bains

Alder: 27 år

Frå: Trondheim

Utdanning: Tre år med skriveskule, og for tida i gang med ein bachelor i filosofi, politikk og økonomi

Yrke: Forfattar