Rektor ved Universitetet i Oslo vil starta eit digitalt universitet for flyktningar og menneske i konfliktsoner.
Nynorsk Pressekontor

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, skriv i VG at han er positiv til å gje studieplassar og stipend til afghanske kvinner som ikkje får studera i heimlandet.

I tillegg foreslår han eit samarbeid om eit globalt, digitalt universitet som kan bidra til at fleire som ikkje har moglegheit til å reisa kan studera frå heimlandet.

– Universitetet i Oslo arbeider med eit initiativ for eit digitalt universitet som kan gje menneske som er innestengde i land som Ukraina, Afghanistan, Iran og andre område prega av konflikt og krig eit tilbod i eige land, skriv Stølen i kronikken.

Stølen skriv at han håper ulike universitet kan bidra med eit program kvar, og at til dømes FN eller UNESCO kan koordinera det.


Les også: Lærlingane William (18) og Helga Mari (18) seglar jorda rundt

Foto: Statsraad Lehmkuhl, Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl
ANNONSE