«Unge i dag føler seg ofte oversett og utilstrekkeleg representert»

Freddy af Geijerstam
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, som gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Som ungdom i eit lokalsamfunn kan eg ikkje anna enn å legge merke til at unge sjeldan blir inkludert i dei diskusjonane som påverkar samfunnet vårt. Eg kan ikkje anna enn å føle meg frustrert og trist. Trist over politikarar som ikkje ser verdien i å inkludere oss, vi som er framtida.

Våre synspunkt og tankar blir oversett når det kjem til store og viktige tema som utdanning og by- og bygdeutvikling. Unge i dag føler seg ofte oversett og utilstrekkeleg representert. Det er eit alvorleg problem. Våre tankar og idear er viktige og kan bidra til å skape ei betre framtid for oss og våre medmenneske.

Det er synd at so mange politikarar ikkje ser verdien i å inkludere oss i sine avgjerder. For dei som er godt vaksne er det nok lett å oversjå ungdom og anta at vi ikkje har noko viktig å bidra med. Det viser berre ein mangel på godt ungdomsperspektiv og at dei kanskje har gløymt at dei òg har vore unge i Noreg akkurat som oss.

Politikarane er nøydde til å ta ansvar for å inkludere oss unge i diskusjonar og ta oss meir på alvor. Dette må til for å bidra til å skape eit meir inkluderande og meir rettferdig samfunn. Vi unge treng å kjenne på å bli sett for å kunne fortsette med interessa for politikken og å utvikle våre ferdigheiter. Vi har masse å tene på å delta i desse diskusjonane. Blant anna vil det hjelpe oss å lære om politiske prosessar og utvikle våre kommunikasjonsferdigheiter, som vi vil ha stor bruk for i framtida.

Dersom vi er kritiske, kan det vere ein måte å påverke politikarane til å endre denne praksisen og å legge meir vekt på ungdommens stemme. Anten det er via å delta i demonstrasjonar, organisere kampanjar eller å rett og slett utfordre politikarane gjennom debatt og dialog. Dersom vi alle gjer ein god innsats no, kan vi få sikra at ungdommens stemme blir høyrt i politikken.

Det er veldig viktig at vi unge blir inkludert i dei viktige diskusjonane. Diskusjonar om korleis landet skal sjå ut, som bygging av bru og vegar, diskusjonar om velferda og diskusjonar om klima og miljø er alle veldig relevante tema for oss unge. Vi skal leve med det i langt fleire år enn dei som styrer no, og då bør vi ha autoritet til å påverke vår eiga framtid. Vi har unike perspektiv og kan komme med nye idear og tankar til bordet.

Vi må ikkje vere redde for å seie meininga vår og å kjempe for det vi trur på. Vi må for all del ikkje vere redde for å utfordre politikarane. Vi må ikkje vere redde for å krevje at vi blir høyrde. Vi har ei viktig rolle i å forme framtida, så vi må ikkje vere redde for å ta sjansane, ta initiativet og gjere ein forskjell.

Vi i Unge Høgre er for eit meir likestilt samfunn. Det er viktig å hugse på at unge også må få si stemme høyrt i debatten for å kunne få til ei ekte forandring. Det er viktig å lytte til ungdommens synspunkt og inkludere oss i avgjerdsprosessen for å sikre ei meir rettferdig framtid for alle.


– Eg har òg snakka med fleire vaksne som synest politikk er drit, fordi det ikkje er lett å forstå, seier Håvard Rødsand. Foto: Privat