Den kinesiske nyttårsfeiringa er i gang – i kva teikn er du fødd?

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert på Framtida Junior, og er oppdatert for 2023.

Den kinesiske nyttårsfeiringa er eit av årets største høgdepunkt for mange menneske i aust- og Søraust-Asia. Sjølv om feiringa er mest utbreidd i desse områda, vil ho likevel prega lokalsamfunn over heile verda.

I 2023 startar festivalen 22. januar, og den kjem til å vara i 15 dagar, før den endar med ein stor lanterne-festival (元宵节). Menneska samlast for å eta masse god mat, sjå på fyrverkeri og ulike show, kle seg opp i sin finaste stas og dekorera og markera hendinga med raude lykter, skriv The Conversation.

Les også: Ni tips for å greie å halda nyttårsforsetta dine

Avhengige av månen

Grunnen til at den kinesiske nyttårsfeiringa fell på denne tida, er fordi det er det nye måneåret som blir markert. Sidan det er avhengige av månen, kan den faktiske datoen for feiringa variera litt frå år til år. Likevel vil det alltid skje ein gong mellom 21. januar og 20. februar, skriv BBC.

I store delar av Aust- og Søraust-Asia brukar dei nemleg den kinesiske kalendaren for å markera dei tradisjonelle helgedagane, slik som mellom anna kinesisk nyttår. Sett vekk frå helgedagane, nyttar dei den gregorianske kalenderen, slik som oss i Noreg. Den startar alltid 1. januar.

Kva år er du fødd i? Foto: Colourbox

Tigerens år

I år markerer feiringa at me går frå tigeren til kaninens år. 

Kaninen er det fjerde dyret i den 12-årige syklusen av kinesiske stjerneteikn.

Dei neste åra er som følgjer:

  • 2024: 10. februar – drakens år
  • 2025: 29. januar – slangens år
  • 2026: 17. februar – hestens år

Lifestyle Asia skriv at mellom anna David Beckham, Kate Winslet, Angelina Jolie, Albert Einstein, Brad Pitt og Tiger Woods er kjendisar som er fødde i kaninens år.

Kva år er du fødd i?

Er du fødd i 2017, 2005, 1993, 1981, 1969, 1957, 1945 eller 1933?

  • Då er du fødd i hanens år. I kinesisk kultur er hanar symbolet på gode nyheiter, og folka som er fødd i hanens år er ærlege og hardtarbeidande.

Er du fødd i 2016, 2004, 1992, 1980, 1968, 1956, 1944, 1932 eller 1920?

  • Då er du fødd i apekattens år. I kinesisk kultur blir apekattar sett på som veldig rampete. Folk som er fødd i apekattens år er flinke og har mange venner.

Er du fødd i 2015, 2003, 1991, 1979, 1967, 1955, 1943, 1931 eller 1919?

  • Då er du fødd i geitas år. I kinesisk kultur er geita eit symbol på fred og kjærleik. Folk som er fødd i geitas år er kunstnariske og omsorgsfulle.

Er du fødd i 2014, 2002, 1990, 1978, 1966, 1954, 1942, 1930 eller 1918?

  • Då er du fødd i hestens år. I kinesisk mytologi var hesten ein overnaturleg skapning som kunne flyga. Folk som er fødd i hestens år er veldig hardtarbeidande og uavhengige.

Er du fødd i 2013, 2001, 1989, 1977, 1965, 1953, 1941, 1929 eller 1917?

  • Då er du fødd i slangens år. I kinesisk kultur er slangen eit symbol på lykke. Folk som er fødd i slangens år er smarte og sjarmerande.

Er du fødd i 2012, 2000, 1988, 1976, 1964, 1952, 1940 eller 1928?

  • Då er du fødd i drakens år. I kinesisk kultur er draken eit symbol på styrke og hell. Folk som er fødd i drakens år er artige, og dei elskar eventyr.

Er du fødd i 2011, 1999, 1987, 1975, 1963, 1951, 1939 eller 1927?

  • Då er du fødd i kaninens år. I kinesisk kultur er kaninen symbolet på håp. Dei som er fødd i kaninens går er omgjengelege og har mange venner.

Er du fødd i 2010, 1998, 1986, 1974, 1962, 1950, 1938 eller 1926?

  • Då er du fødd i tigerens år. I kinesisk kultur vert tigeren rekna som å vera veldig smart og imponerande. Folk som er fødd i tigerens år har gode leiareigenskapar og er veldig modige.

Er du fødd i 2009, 1997, 1985, 1973, 1961, 1949, 1937 eller 1925?

  • Då er du fødd i oksens år. I den kinesiske kulturen er oksen rekna som å vera påliteleg. Folk som er fødd i oksens år er gode leiarar og veldig flinke til å laga ting.

Er du fødd i 2008, 1996, 1984, 1972, 1960, 1948, 1936 eller 1924?

  • Då er du fødd i rottas år. I kinesisk kultur vert rotta rekna som eit smart og utspekulert dyr. Folk som er fødd i rottas år er sjarmerande, kreative og veldig sjenerøse.

Er du fødd i 2007, 1995, 1983, 1971, 1959, 1947, 1935 eller 1923?

  • Då er du fødd i grisens år. I kinesisk kultur representerer grisen lykke. Folk som er fødd i grisens år er vennlege og rolege.

Er du fødd i 2006, 1994, 1982, 1970, 1958, 1946, 1934 eller 1922?

  • Då er du fødd i hundens år. I kinesisk kultur blir hundar sett på som hell for framtida. Folk som er fødd i hundens år er lojale og ærlege.