«Eg trur dette er den mest cringe og den sjukaste videoen eg har sett eit norsk ungdomsparti legge ut på TikTok»

Ola Svenneby
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette meiningsinnlegget vart først publisert som eit Stitch-innlegg på TikTok, som svar til denne videoen frå Dordi Lerum i Senterungdommen:

@spdordiVenstre og Høgre vil ha meir narkotika i samfunnet. Vi seier NEI🍀💪🏼♬ Emotional Piano for the Soul (Inspirational Background Music) – Fearless Motivation Instrumentals

Eg trur dette er den mest cringe og den sjukaste videoen eg har sett eit norsk ungdomsparti legge ut på TikTok.

Eg er også lei av at folk dør av overdose, og av at kriminelle gjengar sel rusmiddel i Noreg, men det er jo resultatet av den politikken som Senterpartiet er for, som også er den politikken me har i Noreg i dag.

Og nei, me i Høgre er ikkje for at fleire skal ruse seg, men me er for at dei som rusar seg skal gjere det på ein tryggast mogleg måte.

Difor burde ein ha eit system som gjer at ein kan teste kva som er i rusmidla, slik at folk ikkje dør av overdose av eit stoff dei ikkje veit kva er – som me har tilfelle av i Noreg kvart einaste år.

Ved legalisering er det staten som tek kontrollen over marknaden, som gjer at ein veit kven som sel, kven som kjøper, og kva som er i stoffa.

Det er nettopp når ein forbyr stoffa, som Senterpartiet er for, at det er kriminelle gjengar som sel stoffa i skulegarden.

I Noreg høyrest det av og til ut på Senterpartiet som om legalisering er eit vilt eksperiment, men det er det ikkje.

Tyskland, ein av Noregs næraste partnarar, skal no legalisere cannabis. Mange statar i USA gjer det, Canada har gjort det og stadig fleire land kjem til å gjere det.

Og eg gler meg til den dagen Noreg gjer det også, for Senterpartiet tek faktisk feil.

Det er bra å legalisere. Det gjer at me får meir kontroll, ikkje mindre.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også: Avkriminaliseringa i Portugal: – Det er altfor lett å få tak i rusmiddel

F.v. Rodrigo Tenreira (23), Fabio Amaro (24), og Carolina Barroso Rodrigues (16) har ulike tankar og meiningar knytt til avkriminalisering av rusmiddel i Portugal. Foto: Emilie Hansen.