Fredag er ein ulykkesdag, men visste du at fredag 13. er årets sikraste fredag?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor Ingvard Wilhelmsen er psykiater med hypokondri som spesialfelt. Han rår oss til å leve som om kvar dag er fredag den 13. Foto: Emmaline Sophie Hekneby

– Eg vil tilrå folk å tenkje at flaks og uflaks er undervurdert, og at faren ved fredag den 13. er overvurdert, seier Ingvard Wilhelmsen til NPK.

Han er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og også leiar av Hypokonderklinikken:

– Angst blir forsterka av at ein unngår ting og sikrar seg. Om ein vil ha mindre angst skal ein altså unngå å unngå ting – og slutte med overdriven sikringsåtferd. Tilfeldigheiter får vi aldri kontroll på. Og ettersom me lever i ei verd der alt kan skje heile tida, er det kanskje like greitt å leve som om alle dagar er fredag den 13. og halde fartsgrensene og parkere lovleg kvar dag ..?

Jesus vart krossfesta fredag

Det er alltid minst ein fredag som fell på den 13. gjennom eit år, og stundom så mange som tre. Om ein ny månad startar på ein sundag, hamnar den 13. dagen på ein fredag. Så enkelt – og likevel ikkje, når både dagen fredag og talet 13 kvar for seg har vore kopla til ulukke. Då er det kanskje ikkje så rart at somme trur at kombinasjonen av dei to blir skikkeleg, skikkeleg ille.

Du visste sikkert at Jesus vart krossfesta på ein fredag? Og at guden Loke, som kom som den trettande og uinviterte til fest i Valhall, enda med å drepa Balder? Eller at den griske kong Filip IV slo til mot dei rike og fromme tempelriddarane og arresterte og avretta dei på fredag den 13. oktober 1307?

Charles Manson (t.v) og Theodore (Ted Bundy) har begge 13 bokstavar i namna sine (om ein ser bort frå mellomnamna). Foto: California Department of Corrections and Rehabilitation og State Archives of Florida, Florida Memory

Ja, og er det tilfeldig at massemordarane Charles Manson, Jack the Ripper og Theodore Bundy alle har 13 bokstavar i namnet? Eller at aksjemarknaden i Tyskland kollapsa fredag 13. mai 1927, eller Paris vart råka av fleire terrorangrep fredag den 13. november i 2015.

Paraskavedekatria

Dette er reine og skjere slumpetreff. Om du no likevel nektar hardnakka og er av dei som helst ikkje forlèt senga på fredag den 13., lir du truleg av paraskavedekatria, som er fagfolka si nemning på angst eller fobi for fredag den 13. Alternativt kan du ha triskaidekafobi, som er omgrepet ein nyttar om dei som berre fryktar talet 13.

Uansett årsak, peikar Ingvard Wilhelmsen på at det einaste vi faktisk har kontroll over, er våre eigne haldningar og handlingar:

– Det inkluderer også haldninga vår til fredag den 13. Personleg ser eg like lite på fredag den 13. som ein ulykkesdag som eg gjer med torsdag den 12. eller laurdag den 14. Men flyselskapa hoppar over seterad nummer 13, og i mange hotell og høghus er det ingen 13. etasje. Då er det altså talet som er problemet, og ikkje fredagen, seier han.

Påsketrafikk, bilkø på Gjelleråsen, mars, 1959. Foto: Dagbladet/Norsk folkemuseum

Færre ulukker fredag 13.

Om du framleis er i tvil: Det er ei myte at det skjer fleire ulykker på fredag den 13. enn andre dagar.

Sist Tryg Forsikring sjekka, synte statistikken at det skjer færre ulukker fredag den 13, og at risikoen for å bli utsett for bilulukker på desse fredagane er 12 prosent mindre enn på andre fredagar, fortel Torbjørn Brandeggen. Foto: Tryg Forsikring

Faktisk er fredag den 13. ein sikrare dag enn absolutt alle andre fredagar i året:

– Då me sjekka i 2018, synte statistikken at det skjer færre ulukker fredag den 13. og at risikoen for å bli utsett for bilulukker denne fredagen er 12 prosent mindre enn andre fredagar. Me såg den same tendensen for reiseskadar, brann-, vass- og personskadar. Truleg heng det saman med at folk er ekstra varsame denne fredagen og tek færre sjansar enn dei vanlegvis gjer, seier Torbjørn Brandeggen, som er kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.

– I fjor var det fredag den 13. i mai, og heile forsikringsbransjen samla registrerte 1.556 bilskadesaker den dagen. Det er ikkje i nærleiken av dagane med flest bilskadar. Det var til dømes fleire bilskadar torsdag 12. mai i fjor, fortel han.

Med det sagt, er fredag generelt ein ulykkesdag, med fleire trafikkulukker, reiseskadar, tjuveri og innbrot enn andre dagar i veka. Det har likevel fint lite med forbanningar gjere:

– Både trafikken og stressnivået er større på fredagar enn andre vekedagar. Folk skal rekke over mykje på ei gong og reiseaktiviteten er langt større enn resten av veka, seier Brandeggen.

Kvinner mest overtruiske

I ei undersøking utført av Norstat på oppdrag frå Tryg Forsikring for ein del år tilbake, kom det likevel fram at meir enn kvar tredje nordmann karakteriserer seg sjølv som overtruisk. Mest overtruiske var dei i Nord-Noreg, medan folk i Oslo var minst overtruiske.

Undersøkinga synte dessutan at kvinner var mykje meir overtruiske enn menn, og at andelen overtruiske går ned i aldersgruppa frå 40 år og oppover.

Blant dei som var overtruiske var det flest som meinte det var synonymt med ulykke om ein svart katt kryssa vegen framfor dei, og om dei gjekk under ein stige, fortel Brandseggen:

– Ein kan nok trygt passere både svarte kattar og stigar på fredag den 13. Om noko skulle skje, får ein heller skrive det på kontoen for uflaks. Når så er sagt, kan også erfarne forsikringsfolk vere overtruiske. Det er jo ingen som bankar så mykje i bordet som oss, seier Brandeggen.


Maja Ja Jansen (20) er heks, og er veldig interessert i religion. Foto: Privar