Warholm satsar på e-sport
Friidrettsstjerna Karsten Warholm har kjøpt aksjar i e-sportklubben Metizport.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eit ungt og lovande prosjekt som eg har sterk tru på. Og det i ein bransje som veks enormt. Lokalt og spennande – og med grenselause moglegheiter, seier Karsten Warholm.
Han ser på engasjementet som ein måte å kombinere interessene for idrett og teknologi på.
– E‐sport er i ferd med å bli verkeleg stort, og eg trur at vi har mange spennande moglegheiter framfor oss, seier Warholm.
Metizport er ein av dei leiande e‐sportklubbene i Noreg og har lag og spelarar innan ei rekkje populære spel. Klubben har mellom anna også ei eiga breiddeavdeling.
– Eg er oppteken av lokale verksemder frå heimtraktene mine som skaper verdiar – og som tenkjer nytt og spennande, både lokalt og internasjonalt. Dette er midt i blinken i så måte. I tillegg er det ekstra gøy med ei relativt ung målgruppe, seier Warholm.
- Les også: Dette må til for å bli god i e-sport
Les også: Første kull med e-sport på timeplanen: – For meg er dette draumen