No kan dyrehandlarar i Hongkong igjen importere hamsterar.
Eirik Dyrøy Lotsberg

I fjor forbaud den kinesiske regionen import av hamsterar etter eit koronautbrot i ein dyrebutikk. Elleve hamsterar som var importerte frå Nederland testa positivt for viruset.

Testing viste at sjukdommen kunne smitte over på menneske frå hamsterar, ifølge Vanessa Barrs, ein professor i dyrehelse ved City University i Hongkong. Rundt 2.000 hamsterar og andre smådyr vart dermed avliva som eit førebyggande tiltak. Tusenvis skreiv under på ein kampanje i protest mot slaktinga.

Også hundar og kattar kan få korona, men det er lite som tyder på at sjukdomen lett vert spreidd over til menneske.

Hongkong har hatt nokre av dei mest omfattande covid-restriksjonane i verda. Førre månad letta regionen på nesten alle.

Louis Yeung eig ein dyrebutikk i Hongkong. Han seier til BBC at han håpar at han snart kan selje hamsterar igjen. Også i Hongkong er dyra populære kjæledyr, særleg blant born.


Les også: Malala ber Fifa anerkjenna det afghanske kvinnelandslaget i fotball

Malala Yousafzai fotografert under HISTORYTalks i Washington i september 2022. Foto: AP Photo/Nathan Howard)

LES OGSÅ

ANNONSE